Klikk her for å gå tilbake til forsida
 Du er her: Reisemål / Oversikt

Nyhetsbrev
Motta vårt nyhetsbrev.
E-postadresse::
Namn::
Firma::
Meld på
Meld av

MF Kulturreiser
Telefon:70041999
Mobil:97122111
Adresse:Kyrkjegata 48
6150 Ørsta
E-post: kurs@more.fhs.no

KULTURREISER MED MØRE FOLKEHØGSKULE

Sidan 1998 har Møre Folkehøgskule arrangert kortkursturar til ulike reisemål i "heile" verda. Det starta med turar til Beijing og Rundturar i Kina.  Dei som var med på desse turane ønska nye reismål og nye land. Etterkvart har lista over nye land blitt lang, samtidig som vi har holdt fast på årlege reiser til Midtens Rike. 

Vi har arrangert turar til reisemål som Inkariket Peru, Kina, Sør-Afrika, Polen, Slovakia, Tsjekkia, Egypt, Ungarn, Thailand, Iran, Cuba, Mexico og Vietnam.Dei mest populære reisemåla utanom Kina, har vore Peru, Ungarn og Egypt. Vi vil halde fram med reiser til desse landa samtidig som vi utvidar med nye land.

Kven reiser med Møre Folkehøgskule ?

Dei som reiser med oss er i all hovedsak frå 30 år og oppover til over 80 - kulturinteresserte vaksne personar.

Til dei fleste turane vert det arrangert kurskveldar på skulen før vi reiser. Her lærer vi meir om reisemål - historie, språk, daglegliv mm. Vi legg også vekt på det sosiale slik at deltakarane i gruppa vert kjende med kvarandre før vi skal reise ilag. Vi har ei god matykt på kvar kurskveld. Etter turen møtes vi på nytt til "mimrekveld".

Kursopplegget er gratis - ingen kursavgift, men vi tek litt betaling for serveringa. Det er høve for folk som ikkje kan vere med på kurskveldane å vere med på sjølve turen. Likeeins er dei som ønskjer vere med på for-kurset uten å reise, velkommen til det.

Under ser du ei "vanleg" reisegruppe i eit "lett" antrekk. Bildet er frå sykkelturen til Ungarn.
gruppebilde_6170

Link til bestilling finn du under kvar enkelt reise...

Vi tek imot påmeldingar fortløpande. Vi har eit avgrensa tal plassar på kvar tur og dei som melder seg på først, får plass.

Ta kontakt for meir informasjon eller gå direkte til bestilling av reise >>>



Klikk her for utskriftsvennleg versjonKlikk her for utskriftsvennleg versjon


Les meir om våre turar til Kina

Les meir om tur til Tyrkia og Kappadokia

Les meir om våre turar til Egypt


Les meir om tur til India og Nepal

Klikk her for å lese meir om våre turar til Sør-Afrika

Klikk her for å lese meir om våre turar til Kina