|
|
| MF Kulturreiser |
|
| Telefon: | 70041999 |
|
Mobil: | 97122111 |
| Adresse: | Kyrkjegata 48 6150 Ørsta |
| E-post: kurs@more.fhs.no |
|
|
 |
Klar for haustferie? |
Veke 40, 1. - 10. oktober, kan du legge haustferien til byen Sigurd Jorsalfare brukte to og eit halvt år på å reise til i 1111. I dag flyg vi frå Oslo på fire timar.
I Istanbul skal vi besøke kirka Sigurd besøkte i Konstantinopel i 1111, Hagia Sofia. Hagia Sofia var da 600 år gamal og verdens største kirke. Det storslagne byggverket og alle dei samme vakre byggverka som vår unge konge lot seg imponere av, ligg der innanfor ein kvadratkilometer, Yerebatansisterna eller "Det sunkne palass", Hippodromen, Valensakvedukten, fleire av obeliskane, bymuren og Den store basar.
Eit besøk i Istanbul har kun ein bakdel - du må tilbake!
|
|
|
Spor er satt på så mange måtar i Tyrkia - over er det Vikingane som "skribla" grafitti i Hagia Sofia i Istanbul og under er det menneskeskapte bustader så langt tilbake som 6000 år i Kapadokia
|
|
I tillegg til Istanbul skal vi besøke natur-underet, Kapadokia. Her skal vi tilbringe rolige dagar med opplevingar i ein natur og kultur det ikkje finst maken til i heile verda.
Blir du med? Programmet finn du her og du kan bestille reisa her
Velkommen til flotte dagar i Tyrkia! |
| [23. august 2010] |
|
 |
Haustbrev | Vi har sendt ut vedlagt haustbrev i papir til alle reisande som ikkje står på epost-lista vår. Dei som brukar internett / står på epost-lista vår, får jevnleg oppdatering gjennom heimesida vår.
Likevel sender vi "papir-brevet" også til e-post lesarar - sjøl om det meste er gjort kjent gjennom internett tidlegare. Kos deg og la tankane gå til fjernare himmelstrøk!
God helg til alle!
Les meir i vedlagte dokument. | [12. august 2010] |
|
 |
Sommar, men hausten står snart i døra.... | Vi er inne i den lange, late sommartid. Tida da Norge søv og vi sjøl lar den eine dagen gli over i den andre. Sikkert ikkje den beste tid for å planlegge nye reiser for haust og vinter, men slepp tanken til - og finn deg eit reisemål du kan sjå fram til og som kan forlenge den lyse årstida!
| Les meir [30. juli 2010] |
|
 |
Litt av kvart... | Våren er over oss med eit brak - herleg! Det er godt å kjenne varmen, sola, og nyte dei lange, gode kveldane etter ein lang vinter og ein uvanleg kald vår.
Det er ingen tvil om at at ver og klima influerer sterkt på både den fysiske og psykiske situasjonen vår - alt er enklare, lysare og kjekkare når omgivnadane og opplevingane er gode.Våre brev og vår heimeside blir lest og brukt av ei gruppe mennesker som fyller livet med gode opplevingar og som skifter ut deler av året i kalde Norge, ved å reise.
På heimesida vår har vi lagt ut nok ein India-tur, India med Rajastan i februar 2011, og ein ny fantastisk tur til Sør-Afrika i januar / februar 2011. Vi har også lagt ut ny Egypt-tur i oktober / november 2010 der det klassiske Egypt blir toppa med eit par dagar i Bahariya-oasen.
I tillegg har vi dei tidlegare annonserte reisene hausten 2010 - Sykkeltur i Ungarn i september, Silkevegen i Kina i september, Kappadokia / Istanbul i oktober. Ta ein kik på program og album frå tidlegre reiser - og bli gjerne med!
Bilder frå turen til Thailand i januar og påsketuren til Kina er lagt ut på fotoalbum. Ta deg tid til eit tilbakeblikk eller bruk albuma for å gi deg sjøl eit visuelt inntrykk når du skal velge nye reisemål. | Les meir [21. mai 2010] |
|
 |
India | Gjennom fleire år er det mange som har spurt etter India - og endelig, India er på programmet med to alternative turar.
Den første turen i november 2010 går til India og Nepal. Turen startar med "det gyldne triangel" i nord (Delhi, Jaipur og Agra), held fram austover til dei vanvittig flotte templa i Khajuraho, vidare til den heilage byen Varanasi ved Ganges, før vi avslutningsvis skal oppleve natur og kultur i Nepal.
Den andre turen går til "det gyldne triangel" og held fram i den vestlege delstaten Rajasthan - "ørken, oase og 1001-natt". "Det gyldne triangel og Rajasthan" går i februar 2011.
Les programma, ta ein kik på fotoalbumet for India, finn ut kva tur og tidspunkt som passar best - og bli med til India! Men vent ikkje for lenge - det er allereie mange på lista!
| Les meir [30. april 2010] |
|
 |
Klikk her for utskriftsvennleg versjon
|
|
|