IndiaAv:: Berit Egset [Sist endra:: 30.04.2010 00:14:14] Gjennom fleire år er det mange som har spurt etter India - og endelig, India er på programmet med to alternative turar.
Den første turen i november 2010 går til India og Nepal. Turen startar med "det gyldne triangel" i nord (Delhi, Jaipur og Agra), held fram austover til dei vanvittig flotte templa i Khajuraho, vidare til den heilage byen Varanasi ved Ganges, før vi avslutningsvis skal oppleve natur og kultur i Nepal.
Den andre turen går til "det gyldne triangel" og held fram i den vestlege delstaten Rajasthan - "ørken, oase og 1001-natt". "Det gyldne triangel og Rajasthan" går i februar 2011.
Les programma, ta ein kik på fotoalbumet for India, finn ut kva tur og tidspunkt som passar best - og bli med til India! Men vent ikkje for lenge - det er allereie mange på lista!
 |
| India har store kontrastar - i levesett og standard. Men fargerikt er det overalt! |
 |
| Taj Mahal - eit av verdas underverk, er ubeskrivelig vakkert. |
 |
 |
| Det samme er templa frå 1000-talet i Khajuraho.... |
 |
| Trafikken, folkelivet og transportmidla er ein studie i seg sjøl - frodig, uortodoks og fasinerande! |
 |
Namaste - Velkommen til India og velkommen til Nepal!
|