Litt av kvart...Av:: Berit Egset [Sist endra:: 16.06.2010 17:17:18]Våren er over oss med eit brak - herleg! Det er godt å kjenne varmen, sola, og nyte dei lange, gode kveldane etter ein lang vinter og ein uvanleg kald vår.
Det er ingen tvil om at at ver og klima influerer sterkt på både den fysiske og psykiske situasjonen vår - alt er enklare, lysare og kjekkare når omgivnadane og opplevingane er gode.Våre brev og vår heimeside blir lest og brukt av ei gruppe mennesker som fyller livet med gode opplevingar og som skifter ut deler av året i kalde Norge, ved å reise.
På heimesida vår har vi lagt ut nok ein India-tur, India med Rajastan i februar 2011, og ein ny fantastisk tur til Sør-Afrika i januar / februar 2011. Vi har også lagt ut ny Egypt-tur i oktober / november 2010 der det klassiske Egypt blir toppa med eit par dagar i Bahariya-oasen.
I tillegg har vi dei tidlegare annonserte reisene hausten 2010 - Sykkeltur i Ungarn i september, Silkevegen i Kina i september, Kappadokia / Istanbul i oktober. Ta ein kik på program og album frå tidlegre reiser - og bli gjerne med!
Bilder frå turen til Thailand i januar og påsketuren til Kina er lagt ut på fotoalbum. Ta deg tid til eit tilbakeblikk eller bruk albuma for å gi deg sjøl eit visuelt inntrykk når du skal velge nye reisemål. |