|
|
| MF Kulturreiser |
|
| Telefon: | 70041999 |
|
Mobil: | 97122111 |
| Adresse: | Kyrkjegata 48 6150 Ørsta |
| E-post: kurs@more.fhs.no |
|
|
 |
Sommar, men hausten står snart i døra....Av:: Berit Egset [Sist endra:: 30.07.2010 11:07:18] Vi er inne i den lange, late sommartid. Tida da Norge søv og vi sjøl lar den eine dagen gli over i den andre. Sikkert ikkje den beste tid for å planlegge nye reiser for haust og vinter, men slepp tanken til - og finn deg eit reisemål du kan sjå fram til og som kan forlenge den lyse årstida!
|
Vi byr ikkje på så svært mange turar hausten 2010, men vi veit at reisemåla og innhaldet i reisene er gode - målt i standard og pris.
Sykkel- og fotturen i Ungarn 30. august til 10. september, er fullteikna, ei flott tilbakemelding på at aktivitetsferie kombinert med kultur og oppleving, har aukande interesse. Vi lovar ny tur hausten 2011!
Silkevegen i Kina som går 4. - 19. september, er det enda mulig å få plass på. Vi har tre ledige plassar - siste frist for påmelding er 3. august. Om du vil oppleve den legendariske Silkevegen gjennom nord-vest Kina, må du vere raskt ute. Program for turen kan du lese her Turen er ei reise i 2000-år gammal historie og i fotavtrykk som er satt av dei menneske som har ferdast her. Vi har norsktalande reiseleiar / guide på turen.
|
 |
| Arabisk, tyrkisk, europeisk påverknad er sterk langs Silkevegen og den muslimske religionen pregar deler av området. |
Eventyrlege Kapadokia og magiske Istanbul er eit svært godt alternativ for hausten. Turen som går frå 1. - 10. oktober er eit ypperleg haustferie alternativ. Kapadokia er eit levande eventyr - natur, historie og kultur gir opplevingar som knapt kan fattast. Mang ein gang må ein knipe seg i ermet for å sjekke om dette er ein draum. Istanbul, europeisk kulturhovedstad i 2010, er magisk - og ein by ein må tilbake og tilbake og tilbake til...
Bli med på ei kulturreise utanom det vanlige. Bli med og få ein smak av kulturlandet Tyrkia.
|
 |
 |
|
Seinare på hausten, 25. oktober til 10. november, lokkar Egypt. Vår klassiske Egypt-tur går frå Aleksandria i nord til Abu Simbel ved grensa til Sudan, i sør og dekker det aller meste av det som er verdt å sjå og oppleve i Misr. Det nye for turen i haust er ei reise i den kvite ørkenen og eit opphald i Bahereiya-oasen i vestørkenen.
På turen har vi norsktalande guide og standard på hotell og cruise-båt er førsteklasses.
Old Cataract er under renovering og framleis stengt, men vi kan love eit ugløymeleg opphald på Sofitel Old Winterpalace i Luxor som eit fullgodt alternativ for å smake på Livet i luksus.
Egypt lokkar. Egypt har historie og kultur ein må oppleve. Egypt manar til repetisjon. Om du tidlegare har reist med oss til Egypt - og igjen blir med, gir vi ein repetisjons-rabatt på kr 600,-
Program for turen kan du lese her
|
 |
| Egypt gir det meste - vi reiser for historia, men opplevingane er så mykje, mykje meir... |
|
India / Nepal- turen 16.november til 2.desember er nesten fullteikna og vi nevner berre kort at det er fire plassar ledig. Program for turen finn du her - om du ønsker bli med, må du vere raskt ute for å sikre deg plass.
Alternativet for dei som ønsker seg til India, kan vere turen til "Den gyldne triangel og Rajastan" 20. februar til 5. mars 2011. Program for den turen finn du her
|
 |
|
India er ulikt alt anna du har opplevd - umulig å beskrive, det må opplevast!
Vi ønsker deg ein fortsatt god sommar - og velkommen til hausten og nye eventyr!
| |
Klikk her for utskriftsvennleg versjon
|
|
|