Klikk her for å gå tilbake til forsida
 Du er her: Om oss / Om oss

Nyhetsbrev
Motta vårt nyhetsbrev.
E-postadresse::
Namn::
Firma::
Meld på
Meld av

MF Kulturreiser
Telefon:70041999
Adresse:Kyrkjegata 48
6150 Ørsta
E-post: kurs@more.fhs.no

KULTURREISER: EI REISE GJENNOM HEILE VERDA...

MF Kulturreiser er ein del av drifta til Møre Folkehøgskule i Ørsta på Sunnmøre. I tillegg til hovedaktiviteten til Folkehøgskulen som er årskurs for ungdommar (sjå
www.more.fhs.no
), har vi kurstilbod for vaksne som ønskjer å lære ved å reise, eller - å reise og å lære. Denne aktiviteten ved Folkehøgskulen, er ein del av Kortkurs-drifta ved skulen som også omfattar kurs der vi underviser i veving, toving, kurs for funksjonshemma eller andre aktuelle tema.

Reisekursa starta vi opp i 1998 og dei har blitt svært populære. Vi utvidar stadig tilbodet og har for tida ein person som har som sitt hovedarbeidsområde å tilrettelegge for denne drifta. Turane er opne for alle reiselystne, positive mennesker i alle aldrar som ønskjer innhaldsrike og godt tilrettelagte reiser.

Vi er medlem i Reisegarantifondet og lagar dei aller fleste turane i samarbeid med operatørar i dei respektive land. Dette gjer det mulig for oss å få det innhald vi vil ha i reisa. Turen vert også uten fordyrande mellomledd, noko som kjem både lokal operatør og våre reisande tilgode. Vi nyttar etablerte flyselskap som KLM, Air France, Norwegian, Air China og SAS på reisene våre.

Til fleire av våre reiser, er det knytt undervisning i for- og etterkant av reisa. Kurset kan vere tilrettelagt på kveldstid eller som helgesamlingar.Undervisninga knytt til kurset er gratis, men vi tek betaling for servering og evt. overnatting på skulen. Kurs og reise vert definert som eit Kortkurs eller eit Reisekurs. Alle må betale den turprisen som er knytt til reisa.

Både Kortkurs og reisene knytt til kurset, er opne for alle og vert annonsert på heimesida vår, i brev til tidlegare reisande og i ein del aviser. Vi prøver å lage gode, rimelege turar med god standard og har eit lavt annonseringsbudsjett. Det viser seg også at den viktigaste reisegruppa vår er tidlegare reisande og gjenreise-prosenten er på mellom 80 og 90%.

Vi ønskjer deg velkommen til ei reise med MF Kulturreiser.



Klikk her for utskriftsvennleg versjonKlikk her for utskriftsvennleg versjon


Klikk her for meir info om tur til Kina

Les meir om vår tur til Unike Kina 2016

Klikk for å lese meir om tur til Taiwan

Klikk her for meir info om tur til Japan

Klikk her for meir info om tur til Kambodsja og Vietnam

Klikk her får å lese meir om tidlegare turar i arkivet