Dag 1 – 25. oktober (måltid på flyet)
Avreise frå Gardermoen med British Airways kl. 11.55 (BA 763 11.55 – 13.15). Mellomlanding i London før vi reiser vidare til Kairo kl. 17.50 (BA 155 17.50 - 23.35). Vi landar i Kairo kl. 23.35. Etter at vi har ordna med visum, gått igjennom passkontroll og fått ut bagasjen vår, vert det transport direkte til hotellet vårt i sentrum av Kairo for innsjekking og velfortjent søvn.
Dag 2 – 26. oktober (frukost, lunsj og middag)
Frukost før sjølve symbolet på det klassiske Egypt, dei tre pyramidane og Sfinxen i Giza, skal besøkast. Pyramidane har lokka turistar til Egypt i 2500 år og står framleis på toppen av lista over dei mest attraktive turistmål i verda. Vi skal sjå pyramidene frå utsida og får høve til å gå inn i Kephren eller Mycerinus pyramiden, før vi avsluttar besøket i Giza ved Sfinxen.
Lunsj på ein lokal restaurant før vi reiser til verdas eldste og første, pyramide – Djoser`s trappepyramide i Sakkara. Etter ein fantastisk dag, har vi transport tilbake til hotellet og felles middag.
Dag 3 – 27. oktober (frukost, lunsj og middag)
Etter frukost skal eit nytt høgdepunkt opplevast - Det egyptiske museum. Museet inneheld 136.000 gjenstandar og vi får guida omvising i ein liten del av det største skattkammer i verda. Vi skal m.a. sjå Tut ankh Amon sine grav-skattar, grava som vakte verds sensasjon då Carter i 1922 fann den urørt i Kongenes dal i Luxor.
Etter lunsj går turen nordover til den mest moderne byen i Egypt – byen ved Middelhavet, Alexandria. Her sjekkar vi inn på Sofitel Cecil hotel som ligg i sentrum av byen vis a vis den 40 km lange sjølinja som er karakteristisk for byen. Felles middag på lokal restaurant om kvelden.
Dag 4 – 28. oktober (frukost, lunsj og middag)
Etter frukost sightseeing i Alexandria der vi skal besøke Det gresk-romerske museum, Kom el Shuqqafaa katakomben og det romerske teater. Lunsj på ein lokal restaurant før vi skal nyte det praktfulle biblioteket i Alexandria. På minnetavla ved inngangen står Noreg øvst på lista over bidragsytarar og dei som vert takka. Biblioteket er eit av dei mest omtalte nye byggverk i store deler av verda, og var klart til bruk for få år sidan.
Dagens program vert avslutta med eit besøk på den svært velrestaurerte Qaitbay citadellen frå 1400-talet som vaktar innseglinga til byen frå aust. Her er det flotte bildemotiv og eit svært godt utsyn over denne europeisk inspirerte byen med 5 mill innbyggarar. Om kvelden har vi felles middag på det vakre Montaza palasset.
Dag 5 – 29. oktober (frukost, lunsj og middag)
Etter ein deilig frukost på hotellet vert det transport tilbake til Kairo. Vel framme i hovedstaden har vi lunsj, før vi besøker det verdenskjente basarområdet Khan El Khalili. Etter besøket reiser vi til Giza stasjon for å ta nattoget til Luxor. På arabisk betyr Luxor – ”Palassa” og vert sett på som verdas største utandørsmuseum. På toget får vi servert ein enkel middag i lugaren.
Dag 6 – 30. oktober (frukost og lunsj)
I grålysninga får du servert enkel morgenmat i lugaren, før vi ved soloppgang kjem vi til Luxor og har direkte transport til Mercure Luxor hotell der det er dekka til svært god frukost. Vi nyt maten og har tid til litt avslapping før Vestbreidda av Luxor står for tur.
Vi skal besøke dei 18 meter høge Memnon kolossane som pryda inngangen til Amenopis 3. sitt storslåtte tempel, "Det mest strålande av alle" - dronning Hatchepsut sitt terassetempel, og Kongenes dal. Her skal vil gå inn i tre av dei 64 gravene.
Etter fantastiske opplevingar på Vestbredda, skal vi ha lunsj på ein lokal restaurant før vi reiser vi tilbake til Luxor der vi sjekkar inn på Sofitel Old Winterpalace.. Ettermiddagen kan nytast i dei vakre omgjevnadane på hotellet eller du kan utforske byen.
Dag 7 – 31. oktober (frukost)
Morgonen kan nytast i senga, på hotellet, i den vedunderlege hagen eller til ein tur i byen. Dagen er til eigen disposisjon før vi på ettermiddagen skal oppleve byen frå hestedrosje. Vel tilbake på Winterpalace kan du nyte ein betre middag på hotellet eller du kan rusle til byen å finne ein lokal restaurant.
Dag 8 – 1. november (frukost, lunsj og middag)
Etter frukost sjekkar vi ut frå hotellet og har transport til båten vår, Amarco Cruise (5* deluxe) www.optimacruises.com som ligg ankra opp i Luxor by. Båten er ein fem stjerners cruise-båt som etter egyptiske forhold har svært høg standard. Dette vert tilhaldsstaden vår dei neste døgna. Båten har sol dekk og eit lite ”symjebasseng” på toppen. Herifrå kan livet på og ikkje minst langs Nilen, nytast.
Etter innsjekking vert det guida tur på austbreidda av Luxor der Karnak og Luxor tempel ligg. Karnak vert rekna for det mest overveldande av dei egyptiske monumenta. I si tid var det samband mellom dei to templa gjennom ein 3 km lang sfinx-allé. I dag er det i gang eit storstilt renoveringsarbeid for å gjenskape denne alléen som går midt gjennom byen.
Under Opet- (fruktbar) festivalen ein gong i året, vart statua av Amon ført frå Karnak til Luxor for at han skulle vere saman med kona si Mut, for å sikre god avling.
Etter utflukta reiser vi tilbake til båten for lunsj. Etter lunsj vert det høve til avslapping på dekk eller i lugaren. Middag vert servert i restauranten før du kan nyte den lune kvelden på dekk.
Dag 9 – 2. november (frukost, lunsj og middag)
Rolig dag med segling og studier av folkelivet langs Nilen der dette får eit interessant avbrot når vi blir slusa opp ved Esna. Det rolige og behagelige livet på båten kan nyttast til avslapping, lesing, bading og ein god prat, berre avbrutt av mange og gode måltid.
Dag 10 – 3. november (frukost – lunsj - middag)
Rett etter frukost skal vi køyre i hestedrosje frå Edfu kai til falkeguden Horus sitt tempel. Dette er Egypt sitt best bevarte tempel. Tempelet har fram til vår tid vore gøymt under sand og er svært intakt.
Lunsj på båten mens vi seglar vidare og ankrar opp i Kom Ombo. Her vert det ein kort spasertur til dobbeltempelet Kom Ombo som er tileigna to gudar, Sobek med krokodillehovud, og Horus med falkehovud. Her finn vi m.a. balsamerte krokodiller, som var heilage dyr og tidlegare levde i denne delen av Nilen. Av relieffa vi får sjå her, er særleg kirurgiske instrument, fødsel og ein svært godt bevart kalender interessant.
Middag om bord mens ferda går mot Aswan. Utpå natta ankrar vi opp i den sørlegaste byen i Egypt, det nubiske Aswan.
Dag 11 – 4. november (frukost, lunsj og middag)
Etter frukost reiser vi til demningane i Aswan. Den gamle demninga blei bygd av britane i 1898-1902 og var den største i verda, og den nye Aswan dammen "The High Dam" som vart bygd i perioden 1960 – 1971. Denne var også lenge den største i verda. Demninga har hatt enorme konsekvensar for Egypt.
Mellom anna stoppa dei årlege flaumane som la igjen det fruktbare slam laget på breiddene av Nilen. Bak den 111 m høge og 4 km lange demninga fekk me verdens største vassreservoar, Nasser sjøen som er 500 km lang og strekk seg eit godt stykke inn i Sudan. Vassmassene overfløymde Nubia - 45 landsbyar og tusenvis av nubiarar måtte flyttast. Store og viktige tempel vart overfløymd, nokre av desse er berga ved flytting.
Vi skal sjå eit av desse når vi reiser med båt på den gamle dammen for å kome til "Philea øya" for å sjå Isis tempelet, "Kjærleikens tempel". Tempelet vart "plukka ned" i 47.000 delar og flytta til ei høgre liggande øy, Agilkai øya, like ved. Denne øya vart omforma til å likne Philea. Tempelet vart etter dette, rekonstruert her. Dette arbeidet vart utført i perioden 1960 til 1980.
Før vi vender tilbake til middag og siste overnatting på båten, skal vi innom steinbrotet å sjå ”Den uferdige obelisk”.
Dag 12 – 5. november (frukost)
Frukost og utsjekk frå båten før vi skal over i felukka (seglbåt) for transport til Isis Island Hotell (5*). På vegen har vi landgang på Lord Kicheners øy - den botaniske øya, som bugnar av vakre blomar og tre frå heile verda.
Etter besøket seglar vi vidare og besøker ein nubisk landsby. Etter innsjekking på hotellet er dagen til disposisjon i Aswan der bytur med besøk på marknad, besøk til Det nubiske museum eller å slappe av i det vakre hageanlegget med fleire symjebasseng.
Dag 13 – 6. november (frukost og lunsj)
Etter frukost vert det tur til det meir enn 3000 år gamle klippetempelet til Ramses 2. Abu Simbel ligg 280 km sør for Aswan og 40 km frå grensa til Sudan i den nubiske ørken. Det er ca 3 1/2 timar med buss der vi kan sjå "fata morgana" eller vasspegling, og kanskje også store kamelkaravaner på veg frå Sudan til dei egyptiske marknadene.
Flyttinga av Abu Simbel vert rekna som verdens fremste eksempel på rednings- kunst. Tempelet blei saga opp i ca. 2000 blokker på mellom 10 og 40 tonn som blei heist opp til eit 65 meter høgre nivå der det "nye" tempelet fekk plassen sin. Lunsj frå medbrakt lunsj pakke. Tilbake i Aswan i kveldinga.
Dag 14 – 7. november (frukost, lunsj og middag)
Frukost og tidleg utsjekk frå hotellet før avreise til flyplassen i Aswan for fly til Kairo. Flytid ca 1 time. I Kairo tek vi oss tid til lunsj, før vi startar den 5 timars lange bussturen til Bahereiya-oasen. Her sjekkar vi inn på hotellet vårt og får tid på eigenhand før vi har felles middag om kvelden.
Dag 15 – 8. november (frukost, lunsj og middag)
Heile dagen er via til ørkenens vakre mysterium. Etter frukost på hotellet reiser vi ut i ørkenen med Jeep – vi ferdast rundt i ”Den svarte ørken”, beskuar Krystall-fjellet, vi har piknikk-lunsj i ørkenen og endar opp i ”Campen” der vi skal overnatte. Ingen stad i verda er stjernene så klare og stillheita så total – dette skal vi smake på utover kvelden.
Dag 16 – 9. november (frukost, lunsj og middag)
Etter frukost i ”Campen”, held ørkeneventyret fram gjennom ”Den kvite ørken” - finkorna, mjuk, kvit sand så langt auget rekk. Opphaldet gir perspektiv på kva mangfald også ørkenen byr på – både av natur, dyreliv og vakre opplevingar.
På føremiddagen må vi ut av eventyret, og vert kjørt tilbake til den rake motsetninga – det folkerike Kairo. Her sjekkar vi inn på hotellet vårt og får tid til ein etterlengta dusj, før vi har avskjedsmiddag på hotellet.
Dag 17 – 10. november (frukost og måltid på flyet)
Frukost og tidleg utsjekk frå hotellet. Avreise med British Airways frå Kairo kl. 08.50 (BA 154 08.50 – 12.00) med mellomlanding i London og vidare til Oslo der vi landar kl. 20.00 (BA 768 16.45 – 20.00)
Pris på turen NOK 20.900,- i del av dobbeltrom som inkluderer:
- Fly t/ r Gardermoen – Kairo med British Airways
- Fly Aswan – Kairo
- Nattog med sovelugar Kairo – Luxor
- Cruise Luxor – Aswan
- Hotell, transport, utflukter, inngang
- Måltid som er tatt med i programmet (full kost minus 4 middag og 2 lunsj)
- Visum til Egypt
- Bagasjehandtering og all felles tips
- Skandinavisk-talande guide
- Reiseleiar frå Møre Folkehøgskule
Ikkje inkludert:
- Flyskattar (pr.i dag NOK 2.300,-) Enkeltromstillegg NOK 4.100,-
Vi tek atterhald om endringar i programmet. Programmet skal likevel ha nevnte standard på hotell, båt, utflukter og måltid som er tatt med i programmet.
Vi ønskjer vel møtt til ugløymelege dagar i verdas eldste turistmål