Klikk her for å gå tilbake til forsida
 Du er her: Reisemål / India - Nepal: nov 2010

Nyhetsbrev
Motta vårt nyhetsbrev.
E-postadresse::
Namn::
Firma::
Meld på
Meld av

MF Kulturreiser
Telefon:70041999
Mobil:97122111
Adresse:Kyrkjegata 48
6150 Ørsta
E-post: kurs@more.fhs.no

KULTURREISER: India og Nepal

Tid: 16. 11.2010 – 02.12.2010


Pris: NOK 25.900,- + flyskatter og avgifter

 Last ned turprogram i Pdf-format 
(100 Kb) eller skriv ut denne sida.

Namaste – Velkommen! Velkommen til India og velkommen til Nepal. Namaste vert brukt for å ønske velkommen i begge land – elles er skilnadane i dei to landa store. Vi byr på ei fantastisk reise spekka med opplevingar i begge dei to landa.

 

India - fortryllande India, er ulikt alt anna du har opplevd. Her vandrar kyr, høns, sauer i gatene mellom syklar, tiggarar, kjøpmenn, bilar  og handtverkarar. Her ser du slott og palass med ein rikdom og ei utsmykking som gjer dei uverkelige. Landet folketalsmessig det nest største i verda og ei stadig viktigare økonomisk stormakt. Landet er storprodusent av ”dataspesialistar” og software. Ca 30 % kan ikkje lese og skrive. Motsetningane er enorme og ei reise i India er spennande, frustrerande, inspirerande og utruleg forskjellig frå alt anna.

Vår reise går til  ”Det gylne triangel” – Delhi, Jaipur, Agra. I tillegg har vi tatt med dei fantastiske templa frå 1000-talet i Khajuraho og den heilage by Varanasi. Varanasi ER India.

Den engelske journalist og indiakjennar James Cameron, har samanfatta landet si tiltrekkingskraft slik: ”Eg elskar kveldane i India, det magiske augneblink, der sola balanserer på kanten av verda, og stillheita senkar seg, og ti tusen tilsette frå dei offentlege kontora strøymer heimover på ein flaum av syklar, mens dei grublar over guden Krishna og leveomkostnadane”.


Nepal, det vesle landet klemt inne mellom sine to enorme naboar. Materielt sett eit av verdas fattigaste land, men naturmessig og menneskeleg – så rikt! Som turist - og gjest, blir ein mottatt med ei vennlegheit som er rørande. Landet byr på verdens høgste fjell, ein ekstraordinær flora og fauna, rikt dyreliv, spennande og original arkitektur, eit behagelig klima og ein levande kultur med sameksistens mellom ulike religionar. Vi skal oppleve hovudstaden Kathmandu og ein smak av den vakre naturen på kanten av Himalaya – opplevingar som vil sette merke i alle sansar.

Velkommen med på ei eventyrreise!

Dagsprogram:

Dag 1 – tirsdag 16. november
(måltid på flyet) Oslo – London - Delhi
Avreise frå Gardermoen med British Airways kl. 11.35 (BA 763 11.35 – 13.05). Mellomlanding i London før  reisa går vidare til Delhi kl. 15.15 (BA 257 15.15 – 04.55). Vi landar på Indira Gandhi internasjonale flyplass i Delhi grytidleg neste morgon, kl.04.55 lokal tid, og reiser direkte til hotellet vårt for frukost etter pass- / visum- kontroll og bagasjeutlevering.

Dag 2 – onsdag 17. november (frukost, lunsj og middag) Delhi
Etter tidlig ankomst til hotellet, ca 07.30, tek vi oss tid til avslapping og ein god frukost før vi startar dagens program i Indias hovedstad Delhi (rom frå kl. 14.00).
Den facinerande byen med 13 mill innbyggarar, er lokalisert ved breddene til elva Yamuna. Byen er utbygd / oppdelt i 7 deler, basert på utbygging i ulike tideperioder gjennom mange hundre år. Den siste tilveksten var Delhi 7 eller New Delhi, ein moderne by som blei planlagt, teikna og bygd av britane etter at det i 1911 blei bestemte å flytte hovudstaden i India frå Kolkata til Delhi.

På turen gjennom byen skal vi sjå ”Den raude festning” (Lal Qila), Shah Jahan`s elegante åttekanta festning bygd mellom 1640 og 1648. Ikkje langt frå festninga finn vi Jama Masjid (Fredags-moskeen), Indias største moske som også er bygd av Shah Jahan mellom 1644 og 1658. Minaretane er 40 m høge og moskeen har plass til 25 000 mennesker. Herifrå skal vi ta ein interessant sykkeldrosje-tur gjennom dei kjende basarane i Chandni Chowk, Old Delhi. Old Delhi er ein firehundre år gamal myldrande basar med trange smug.
Før vi reiser tilbake til hotellet for innsjekk og lunsj, besøker vi Raj Ghat, minnesmerket for Mahatma Gandhi som ligg i eit vakkert parkområde.

Ettermiddagen er til eigen disposisjon, før vi om kvelden møtes til felles middag på hotellet.

Dag 3 – torsdag 18. november (frukost, lunsj og middag) Delhi - Jaipur
Etter frukost held vi fram med opplevingane i  Delhi. Vi skal besøke grava til Humayun, det praktfulle byggverket i raud sandstein og kvit marmor som er ein forløpar til Taj Mahal. Proposjonane, den doble kuppelen og den forfina elegansen er karakteristisk for mughal arkitekturen.

Vi passerer India-porten (minnesmerket frå første verdskrig), held fram på den monumentale paradegata Rajpath, mot Presidentpalasset (Rashtrapathi Bhawan). Presidentpalasset ligg på Raisina-høgda og er flankert av to andre pompøse bygningar, finans- og utanriksministeriet.

Seinare besøker vi Seierstårnet (Qutb Minar), som den første afghanske herskaren over Nord-India starta å bygge i 1193 etter sigeren over Delhi. Her skal vi også sjå den første moskeen i India, bygd av material frå raserte hindutempel. I det ytre moske-området, står den mykje eldre Jernpillaren frå 4. århundre som har sanskrit-inskripsjon i Gupta stil.
Etter eit fullpakka formiddagsprogram, har vi lunsj på ein sentrumsrestaurant før vi startar den ca 5 timars lange reisa mot hovudstaden i Rajasthan, Jaipur. Jaipur har namn etter maharaja (konge) Jai Singh som tidleg på 1700-talet blei konge i området i ein alder av 17 år. Han var svært interessert i arkitektur og astronomi – noko byen også i dag er prega av. Dei vakre bygningane blei oppført i rosa-farga terrakotta, og seinare er også alle andre bygningar i sentrum malt rosa – byen vert derfor kalla ”den rosa byen”. Vel framme i Jaipur, sjekkar vi inn på hotellet vårt – eit moderne nyrenovert hotell med sentral lokalisering, symjebasseng – og eit førsteklasses kjøkken der vi skal ha dagens middag.

Dag 4 – fredag 19. november (frukost, lunsj og middag) Jaipur
Etter frukost skal den rosa byen opplevast. Vi startar dagen med å besøke Amber festninga der vi vert frakta til toppen som ein maharajas – på ryggen til ein elefant. Festninga er imponerande både innvendig, arkitektonisk og i landskapssamanheng – muren som omsluttar festinga gir assosiasjonar til den kinesiske mur.

Vi held fram til sentrum av Jaipur der vi skal besøke Maharaja`s by palass der deler av palasset er omgjort til museum, mens ein mindre del av palasset framleis husar Jaipurs kongelige familie. Etter besøket skal vi besøke det imponerande Jantar Mantar, det astronomiske observatoriet frå 1700-talet med 17 store instrument der fleire er intakte også i dag. Lunsj på ein lokal restaurant i sentrum før det blir tid til å besøke den lokale marknad eller du kan rusle tilbake for å nyte ettermiddagen på hotellet før dagens middag vert servert.

Dag 5 – laurdag 20. november (frukost, lunsj og middag) Jaipur - Agra via Fatehpur Sikri
Etter tidleg frukost på hotellet, er vi klar for ein ca 5 timars lang reise til Agra. Undervegs har vi stopp for lunsj, og 40 km før Agra besøker vi Fathepur Sikri.

Palasset blei bygd av keisar Akbar i 1569 og forlatt etter 15 år grunna mangel på vatn. Fathepur Sikri var hovudstaden til Mughal keisar Akbar frå 1570 til 1586. Palasset er bygd i rosa sandstein og kombinerer hinduistisk og muslimsk arkitektur.
Vel framme i Agra sjekkar vi inn på hotellet og har tid til eigen disposisjon før vi har middag på hotellet.

Dag 6 – søndag 21. november (frukost, lunsj og middag): Agra
I dag står eit av verdens underverk for tur – Taj Mahal. Taj Mahal blei bygd av Shah Jahan til minne om kona Mumtaz (mausoleum), som døde på barselseng under fødselen til det 14.barnet (på 18 år!). Byggverket er lokalisert på bredda av Yamuna. Omkring 20 000 arbeidarar frå India og Sentral-Asia blei rekruttert for å realisere draumen.

Etter det ubeskrivelige besøket, skal vi sjå nærare på Agra-by, før vi har lunsj på hotellet. På ettermiddagen besøker vi Agra festning som blei bygd av keisar Akbar i 1565. Festninga er eit meisterstykke i konstruksjon og arkitektur. Som eit paradoks kan nemnast at Shah Jahan - avsett av sin eigen son, sat fengsla her dei siste åra av sitt liv. Han kunne sjå over mot Taj Mahal og kona si grav som han ikkje fekk besøke.
Om kvelden har vi middag på hotellet.
 
Dag 7 – mandag 22. november (frukost, lunsj og middag) Agra - Jhansi - Orchha
Tidleg frukost og kort transport til togstasjonen for ein to timars togtur til Jhansi (08.15 – 11.00). Frå Jhansi held reisa fram til Orchha, 16 km med buss. Orchha er ei reise tilbake i tid – ein liten landsby (ca 8000 innbyggarar) der den storslåtte fortida viser seg i form av forfalne palass, tempel og mausoleum. Etter lunsj og litt avslapping, har vi guida tur til severdigheitene i Orchha. Landsbyen er svært godt eigna for å vandre rundt på eigenhand og bildemotiva står i kø!
Middag på hotellet der vi overnattar.

Dag 8 – tirsdag 23. november (frukost, lunsj og middag) Orchha / Khajuraho
Etter frukost står ei interessant vegstrekning på 180 km, framfor oss. Vegane minner om dårlege skogsvegar i Norge, men atmosfæren og folkelivet er landsby-India. Vel framme er dårlege vegar glømt, og hotellet byr på flotte omgivelsar og nydelig lunsj.

Ettermiddagen byr på ugløymelige opplevingar under vårt guida besøk i dei austre- og vestre tempelkompleksa i Khajuraho. Dei mystiske templa, bygd på 900 – 1300-talet, trekk årlig hundretusenar av turistar. Det som truleg lokkar mest, er dei erotiske scenene som er uthogd i stein - scener med detaljer som gjer sjølv ein frisinna, blyg. Templa og tempelområda, er i vedunderlig god stand. I dag er 25 tempel av det ein trur var 85, grove ut. Dei 25 templa er spreitt over tre områder – dei vestlige, dei austlige og dei sørlige. Det største og viktigaste tempelet er Kandariya Mahadeo tempelet – dedikert til Lord Shiva. Templet blir omtalt som det mest fullkomne eksempel på Chandella-kongens byggekunst. Om kvelden har vi felles middag på hotellet.

 

Dag 9 – onsdag 24. november (frukost, lunsj og middag) Khajuraho
Heile dagen til disposisjon i Khajuraho. Byen som har ca 20 000 innbyggarar er lett å ta seg fram i på beina eller med sykkeldrosje. Her er eit utal små butikkar og svært vennlige mennesker. Dagen kan nyttast for meir tempelbesøk – ein sykkeldrosjetur og eit besøk i det sørlege tempelkompleks, kan anbefalast. Du kan rusle i byen, vi prøver få til eit besøk på den lokale skulen for dei som vil vere med, eller du kan nyte dagen i hagen ved symjebassenget.

 

Dag 10 – torsdag 25. november (frukost – lett mat på flyet - middag) Khajuraho – Varanasi
Formiddagen til eigen disposisjon før vi reiser til flyplassen for fly til Varanasi. Varanasi, tidlegare Benares, er truleg ein av dei eldste bebudde oldtidsbyar i India. I uminneleige tider har dette vore det viktigaste religiøse senter for hinduar og den mest heilage staden for pilegrimar. Byen vert besøkt av millionar av mennesker kvart år. Byen er vakkert lokalisert ved den halvmåneforma venstre bredd av den heilage elva Ganga og har fått namn etter dei to stryka Varuna og Assi, som skilt frå kvarandre flyt nord og sør for byen.
Det blir litt tid på eigenhand før vi har felles middag på hotellet om kvelden.


Dag 11 – fredag 26.november (frukost, lunsj og middag) Varanasi
Etter ein god frukost på hotellet skal vi sjå nærare på den heilage byen Varanasi - byen for ”Learning and Burning” (kunnskap og brenning). Byen alle hinduar ønskjer besøke minst ein gang i livet. I tillegg ønsker dei å bli brent her – og det er gjort dispensasjon for å brenne lik heile døgnet. Asken vert kasta i Mor Ganga.  Det religiøse senter har ført til mange tempel og vi skal besøke nokre av dei viktigaste som Bharat Mata Mandir – eit unikt tempel innvia av Mahatma Gandhi som er dedikert til Mor India og Durga Temple dedikert til  Lord Durga. 
Vi skal sjå det vakre Tulsi Manas tempel, før vi skal kjøre gjennom Banaras hindu universitet som er ein eineståande samlingsstad for klassisk indisk kultur.

I solnedgangen skal vi oververe den daglege seremonien for Mor Ganga, ei oppleving for alle sansar og som du vil bære med deg resten av livet.


Dag 12 – laurdag 27. november (frukost, lunsj og middag): Varanasi – Kathmandu
Grytidleg vekking for ein ugløymeleg båttur i soloppgang på Ganges. Vestbreidda av Ganges har eit utal Ghats, Gater eller smug som endar med trappegang til Ganga – alle har paviljongar, palass og terrasser som i hovudsak vert brukt som Dharamsalas – område som pilegrimane brukar på deira besøk til den heilage byen. I nedre del er det ein summande aktivitet med offer, bønn, bading, klevask og seremoniar i soloppgangen. Ein båttur langs breidda gir god utsikt til desse aktivitetane.

Soloppgang ved Ganges er ei sjelfull oppleving der alle livets aktivitetar vert praktisert.  Etterpå reiser vi tilbake til hotellet for frukost, utsjekk og avreise til flyplassen for fly til Nepal kl. 12. 30. Etter 70 min flytid, landar vi i Kathmandu og har transport til hotellet vårt i sentrum.

Kathmandu – også kalla Kantipur (De lykkeliges by), er hovudstad i det vesle landet. Byen har ca 1,5 mill innb  og ligg i den svært frodige Kathmandu-dalen på 1300m høgde. I dalen fins det tre større byar, dei tidlegare kongerika Kathmandu, Patan og Bhaktapur. Tidlegare blei utbygginga gjort i fjellsidene, men no brer byane seg hemningslaust og planlaust i den fruktbare dalbotnen. Etter innsjekking er det fritid der du kan rusle rundt å snuse atmosfæren i byen, før vi om kvelden har velkomstmiddag med nepalesisk kultur- forestilling.

 

Dag 13 – søndag 28. november (frukost, lunsj og middag) Kathmandu
Etter frukost skal vi oppleve det kjende Durbar-kvartalet og Boudhanath Stupa som begge blei satt på Unesco si verdsarvliste i 1979. Durbar-kvartalet er ei samling tempel, bygd av ulike kongar frå 1700-talet og framover. Plassen er alltid livlig, med handel, religiøse handlingar og klokkeklang. Plassen er dominert av det store Shiva templet der Shiva og Parvati står i det øverste vinduet og har overoppsyn over kvartalet. Kvartalet er delt i to av palasset – den sørlege delen er Kasthamandap, oldtidsbygninga som truelg har gitt byen sitt namn. Durbar-kvartalet er ein historisk plass som også har vore politisk viktig heilt fram til vår tid og gir eit bilde av det kulturelle og politiske liv til folket. Her vart den nepalesiske kongen krona og heile seremonien blei gjennomført her.

Etterpå besøker vi Boudhanath stupa (buddhistisk religiøst monument), ein fantastisk 36 m høg stupa, 7 km aust for Kathmandu. Den store stupa blir høgt akta av Lamaer frå Nepal og Tibet og også av nepalske hinduar. Her kan vi sjå folk som går, tilber, ofrar og ber. I bakgrunnen vil du høre den velkjende mantra ”Omi Mani Padme Hum”. Opplevinga vil nok gjere dei fleste mållause – både stupaen og menneska vi møter der.

Lunsj på ein lokal restaurant før vi besøker Patan Durbar kvartalet – ”byen for vakker kunst”. Her får vi sjå Krishna tempel og Patan`s rikt dekorerte kongelige palass.
Etterpå besøker vi den tibetanske bydelen, før vi kjører tilbake til hotellet vårt der vi skal ha middag.

 

Dag 14 – mandag 29.november (frukost, lunsj og middag) Kathmandu - Kharipati - Nagarkot
Etter frukost kjører vi ca ein time austover til Kharipati der vi gjer oss klar til trekking -12 - 15 km vandring til Nagarkot. Etter 3 - 4 timars vandring når vi Nagarkot som er lokalisert 30 km aust for Kathmandu. Nagarkot er ein ynda stad for naturelskarar og soloppgangen over Himalaya er legendarisk.  Vel framme, vert det servert lunsj og vi sjekkar inn på hotellet vårt. Alternativ for dei som ikkje ønsker vandring, er busstransport heilt fram til Nagarkot.


Ettermiddagen kan du nytte til å slappe av på hotellet, klatre opp i utkikstårnet med fantastisk utsikt eller rusle ein tur i Nagarkot. Nagarkot som ligg på 2300 m.o.h har panoramautsikt i det unike fjellområdet og du kan sjå alle dei kjende toppane som Langtang, Langtang-lirung, Chobha bhamre, Ama-dablam, Dorje Lhakpa, Gaurishankar og mange toppar på Himalaya, inkludert Mt. Everest - om vi får ein klar dag.

 

Dag 15 – tirsdag 30. november (frukost, lunsj og middag) Nagarkot – Sankhu - Kathmandu
Tidlig vekking for å fange soloppgangen og den vakre utsikta mot Himalaya. Etter frukost, utsjekk og praktiske førebuingar, skal vi ha ei vakker vandring på 20 km (ca 4 timar) til den pittoreske newar-byen Sankhu. Dei skjønne, rikt dekorerte husa vitnar om at dette eingang var ein viktig handelsby på ruta Kathmandu – Lhasa. I Sankhu ventar bussen og dei som ikkje ønsker trekking, og vi
kjører tilbake til Kathmandu for lunsj på hotellet.

Ettermiddagen er til eigen disposisjon for nye opplevingar I Kathmandu.Felles middag på hotellet om kvelden.

 

Dag 16 – onsdag 1. desember (frukost, lunsj og middag) Kathmandu - Delhi
Frukost på hotellet og formiddagen til eigen disposisjon i byen. Fly til Delhi kl. 16.15 der vi landar kl. 17.30.
Transport til hotellet for middag og søvn.

 

Dag 17 – torsdag 2. desember (måltid på flyet) Delhi – London - Oslo
Grytidleg vekking og avreise til flyplassen for avreise med British Airways frå Delhi til London kl. 06.55 (BA 256 06.55 – 10.45) og vidare frå London til Oslo kl. 12.55 (BA 766 12.55 – 16.10). Vi landar på Gardermoen kl.16.10 fylt med mange inntrykk og gode minner.


 

Pris på turen kr. 25 900,- i del av dobbeltrom som inkluderer:

  • Fly t/ r Gardermoen – Delhi med British Airways
  • Fly Khajuraho – Varanasi
  • Fly Varanasi – Kathmandu
  • Fly Kathmandu – Dehli
  • Tog Agra - Jhansi
  • All transport i aircondition delux- buss
  • Hotell med høg standard i 15 netter (4 / 5 * unntatt Orccha 3 *)
  • All inngang til utflukter tatt med i programmet
  • Alle måltid tatt med i programmet (full kost)
  • Elefant-transport til Amber-festning
  • Båt-tur på Ganges
  • Service frå “trekking-guide” og Sherpa ved fottur i Nepal
  • Visum til India (blir ordna i Norge – må fylle ut søknadsskjema inkl to passfoto)
  • Visum til Nepal (blir ordna i Nepal – må ta med to passfoto)
  • Bagasjehandtering og felles tips
  • Engelsk-talande guide
  • Reiseleiar frå Møre Folkehøgskule

Ikkje inkludert:

  • Flyskattar Oslo – Delhi t/r og India – Nepal t/r  (pr. i dag ca. kr. 3000)

  • Enkeltromstillegg kr.6 900,-

Alle må ha pass som er gyldig  i minimum 3 månader etter heimreise. For reise til India er det krav om visum utstedt i Norge. Vi ordnar med visum etter at den reisande sjølv fyller ut søknadsskjema. Det er relativt tidkrevjande å ordne visum til India, derfor er siste frist for påmelding 1. oktober. Fortløpande påmelding inntil 24 deltakarar.


Vi tek atterhald om endringar i programmet. Programmet skal likevel ha nemnte standard på hotell, utflukter og måltid som er tatt med i programmet.

Du finn ein liten bildeserie frå India på www.kulturreiser.com under Fotoalbum India

Namaste! - Vi ønskjer vel møtt til fantastiske opplevingar i India og Nepal!

Ta kontakt for meir informasjon eller gå direkte til bestilling av reise >>>



Klikk her for utskriftsvennleg versjonKlikk her for utskriftsvennleg versjon


Les meir om våre turar til Kina

Les meir om tur til Tyrkia og Kappadokia

Les meir om våre turar til Egypt


Les meir om tur til India og Nepal

Klikk her for å lese meir om våre turar til Sør-Afrika

Klikk her for å lese meir om våre turar til Kina