|
KULTURREISER: India – Det gylne triangel og Rajasthan
Tid: 20. 02.2011 – 05.03.2011
Pris: NOK 24.600,- + flyskatter og avgifter
Last ned turprogram i Pdf-format (298 Kb) eller skriv ut denne sida.
Namaste – Velkommen. Velkommen til India! India - fortryllande India, er ulikt alt anna du har opplevd. Kyr, høns, sauer vandrar i gatene mellom syklar, tiggarar, kjøpmenn, kamelar, bilar og handtverkarar. Her ser du slott og palass med ein rikdom og ei utsmykking som gjer dei uverkelige. Landet folketalsmessig det nest største i verda og ei stadig viktigare økonomisk stormakt. Landet er storprodusent av ”dataspesialistar” og software. Ca 30 % kan ikkje lese og skrive. Motsetningane er enorme og ei reise i India er spennande, frustrerande, inspirerande og utruleg forskjellig frå alt anna.
Vår reise går til ”Det gylne triangel” – Delhi, Agra og Jaipur og held fram gjennom ørken-delstaten Rajasthan. Her finn vi imponerande festningsområde, nydelig utsmykka sandsteins-hus, dromedarar og ei fargerik befolkning som fører oss inn i 1001 natts eventyr.
Den engelske journalist og indiakjennar James Cameron, har samanfatta landet si tiltrekkingskraft slik: ”Eg elskar kveldane i India, det magiske augneblink, der sola balanserer på kanten av verda, og stillheita senkar seg, og ti tusen tilsette frå dei offentlege kontora strøymer heimover på ein flaum av syklar, mens dei grublar over guden Krishna og leveomkostnadane”.
Program frå dag til dag:
Dag 1 – søndag 20.februar (måltid på flyet) Oslo – Helsinki - Delhi Avreise frå Gardermoen med Finair kl.13.15 (AY 656 13.15 – 15.40). Mellomlanding i Helsinki før reisa går vidare til Delhi kl.20.05 (AY 021 20.05 – 06.25). Etter natta på flyet, landar vi på Indira Gandhi internasjonale flyplass i Delhi tidleg neste morgon, kl.06.25 lokal tid.
Dag 2 – mandag 21. februar (frukost, lunsj og middag) Delhi – Agra Etter pass- og visumkontroll og bagasjeutlevering, blir vi ønska velkommen av vår lokale kontakt og vist til bussen som skal frakte oss direkte til Agra. Agra var mughal - hovudstad i nærare hundre år – frå 1564. Byen minner lite om ein europeisk storby – assosiasjonane går meir i retning av ein ubeskriveleg stor landsby. Turen til Agra er ca 210 km på gode vegar.
Vel framme sjekkar vi inn på hotellet vårt og har lunsj der. Etter litt tid til avslapping skal vi sjå nærare på Agra-by, før vi besøker Agra festning som blei bygd av keisar Akbar i 1565. Festninga er eit meisterstykke i konstruksjon og arkitektur. Som eit paradoks kan nemnast at Shah Jahan - avsett av sin eigen son, sat fengsla her dei siste åra av sitt liv. Herifrå kunne han sjå over mot Taj Mahal og kona si grav - som han ikkje fekk besøke. Om kvelden har vi middag på hotellet.
Dag 3 – tirsdag 22. februar (frukost, lunsj og middag) Agra - Fatehpur Sikri – Jaipur Etter ein god frukost på hotellet står eit av verdens sju underverk for tur – Taj Mahal. Taj Mahal blei bygd midt i det 17.århundre av Shah Jahan til minne om kona Mumtaz (mausoleum), som døde på barselseng under fødselen til det 14.barnet (på 18 år!). Byggverket er lokalisert på bredda av Yamuna. Bygget blei ferdig i 1652 etter at 20 000 arbeidarar frå Persia, Tyrkia, Frankrike, Italia, India og resten av sentral-asia blei rekruttert for å realisere byggverket – det tok 17 år å fullføre draumen.
Marmoren blei frakta frå Makrana, nær Jodhpur, mens dyrebar onyks (halvedelstein), ametyst (ein variant av kvarts – lilla farge), malakit (grønt koparhaldi mineral), lasurstein, turkis, jade, krystall og perler blei henta til Agra frå Persia, Russland, Afghanistan, Tibet, Kina og det indiske hav. Agra utvikla handverkarar med heilt særeigen kompetanse i steinarbeid som har gått i arv fram til i dag.
Etter det ubeskrivelige besøket, er vi klar for ein ca 5 timars lang reise til Jaipur. 38 km frå Agra har vi stopp i den gamle mughal- hovedstaden for å besøke Fathepur Sikri. Fathepur Sikri blei bygd av keisar Akbar i 1569 og forlatt etter 15 år grunna mangel på vatn. Fathepur Sikri var hovudstaden til Mughal keisar Akbar frå 1570 til 1586.
Keisar Akbar var svært religiøst tolerant og hadde koner frå ulike religionar. Yndlingshustrua var hindu. Palasset er bygd i rosa sandstein og kombinerer hinduistisk og muslimsk arkitektur. Den kvite marmorgrava til Sheikh Salim Chisti, Akbar sin åndelige rådgivar, har blitt eit ynda reisemål for muslimske pilegrimar.
Vel framme i Jaipur sjekkar vi inn på hotellet. Jaipur er hovudstaden i Rajasthan og har namn etter maharaja (konge) Jai Singh som tidleg på 1700-talet blei konge i ein alder av 17 år. Jai Singh var svært interessert i arkitektur og astronomi – noko byen også i dag er prega av.
Dei vakre bygningane blei oppført i rosa-farga terrakotta, og seinare er også alle andre bygningar i sentrum malt rosa – byen vert derfor kalla ”den rosa byen”. Hotellet vårt er eit moderne nyrenovert hotell med sentral lokalisering, symjebasseng – og eit førsteklasses kjøkken der vi skal ha dagens middag.
Dag 4 – onsdag 23. februar (frukost, lunsj og middag) Jaipur Etter frukost skal den rosa byen opplevast. Vi startar dagen med å besøke Amber festninga der vi vert frakta til toppen som ein maharajas – på ryggen til ein elefant. Festninga er imponerande både innvendig, arkitektonisk og i landskapssamanheng – muren som omsluttar festninga gir assosiasjonar til den kinesiske mur.
Vi held fram til sentrum av Jaipur der vi skal besøke Maharaja`s by palass der deler av palasset er omgjort til museum, mens ein mindre del av palasset framleis husar Jaipurs kongelige familie. Etter besøket skal vi besøke det imponerande Jantar Mantar, det astronomiske observatoriet frå 1700-talet med 17 store instrument der fleire er intakte også i dag.
Lunsj på ein lokal restaurant i sentrum før det blir tid til å besøke den lokale marknad eller du kan rusle tilbake for å nyte ettermiddagen på hotellet før vi skal ha dagens middag her. Seinare på kvelden har vi transport til tog-stasjonen for nattog Jaipur – Jaisalmer kl 23.50.
Dag 5 – torsdag 24. februar (frukost, lunsj og middag) Jaisalmer Kl. 11. 30 rullar toget inn i Jaisalmer, byen som også vert kalla “øya i sanden”, eller ”den gyldne stad”. Som kontrast til dei okerfarga bygningane, brukar folk fargestrålande kle - ein gamal tradisjon i Rajasthan. Byen som blei grunnlagt av Rawal Jaisal i 1156 har i dag ca. 60 000 innb. og ligg som ein liten juvel i hjertet av den store indiske ørken, Thar-ørkenen.
Middelalderbyen som eingang var hovudstaden i Bhati Rijputs, reiser seg i ein sjø av sand på ei lav rekke av åsar omringa av ein steinmur som er 5 km lang med ein 3 til 5 m høg ringmur. Byen var knutepunktet for karavanane frå Egypt, dei arabiske landa, Persia, Irak og handelen til India gikk vidare herifrå. Byen er prega av sin tidlegare rikdom – og er i dag eit ynda turistmål. Jaisalmer er eventyret som er plukka ut av miljøet og stemningar frå ”Tusen og ei natt”, ein mektig visjon i delikat gylden-gul nyanse, berre broten av den grøne oase. Jaisalmer opplevast som ein av Indias mest eksotiske byar, og på mange måtar er den eit levande museum.
Vi reiser direkte til hotellet vårt for ein rolig, avslappande dag for utforsking av den vesle byen på eigenhand, berre avbrote med servering av lunsj og middag.
Dag 6 – fredag 25.februar (frukost, lunsj og middag): Jaisalmer Etter frukost skal vi sjå nærare på ”den gyldne stad” og Jaisalmers imponerande festning, Sonar Qila, frå 1156 som er ein by i seg sjølv med hus, butikkar og hotell. Jaisalmer har eit utal jain og hindu tempel, palass og svært sjarmerande haveli`s (dekorerte hus). Dei fleste bygningane er vakkert utsmykka gjort av dyktige handtverkarar med detaljrikt utskorne balkongar – alt saman i den lokale sandstein.
Palasset, bygd av Maharawal (1763 – 1820) er eit konglomerat av bygningar krona med ein enorm metall-paraply med steinskaft. Legg merke til det historiske punktet "satiyar-ka-pagthiya", ved inngangspartiet. Her utførte dei kongelige kvinnene sati – ofra sitt eige liv når mennene ”var tapt” – da borga fall i 1294. Både lunsj og middag vert servert på hotellet.
Dag 7 – laurdag 26. februar (frukost, lunsj og middag) Jaisalmer – Sam Frukost på hotellet før vi gjer oss klar til ein fantastisk ørkensafari til indias ”Ørken nasjonal park” Desert National Park.
Transport til Sam, ca 40 km vest for Jaisalmer. Her sjekkar vi inn på hotellet vårt og får servert lunsj. Vi skal nyte den vakre ørkenen gjennom kamel-safari på sanddynene og oppleve den vidunderlige solnedgangen der det er vi og naturen. Overnatting i telt med god standard.
Dag 8 – søndag 27. februar (frukost, lunsj og middag) Sam – Jodhpur Etter frukost vil eventyret halde fram og vi har transport til Jodhpur som tidli gare var hovedstad i staten Marwar. Jodhpur er den nest-største byen i Rajasthan med ca. 750 000 innb. Jodhpur ligg vakkert til langs kanten av ein lav sandstein-ås heilt i utkanten av den store Thar-ørkenen.
På toppen av åsen står den utrulege Meherangarh-festninga som blei bygd i 1459. Den imponerande festninga er bygd på ein 122 m høg sandsteinsklippe og dominerer bybildet. Festninga er svært imponerande på avstand, men kanskje aller mest imponerande å oppleve, og nyte utsikta ifrå. Jodhpur vert også kalla ”den blå byen” og utsikta frå festninga mot den blå byen er ugløymeleg! Lunsj når vi sjekkar inn på det svært sjarmerande hotellet vårt.
Ettermiddagen til disposisjon i den vakre hagen eller du kan rusle ein tur til sentrum for å sjå nærare på folkelivet og den lokale marknad. Middag i hagen på hotellet om kvelden.
Dag 9 – mandag 28. februar (frukost, lunsj og middag) Jodhpur Frukost på hotellet før vi skal ha guida tur i Jodhpur. Vi startar med Mehrangarh-festninga – den største festninga i Rajasthan - eit byggverk det er lett å la seg imponere av. Festninga er utbygd i mange omgangar og er prega av fleire stilartar. Festninga inneheld vakre bygningar i raud sandstein, palass, kaserner, templer og havelis. Utforminga og utsmykkingane er imponerande vakkert gjort.
Palassa Moti Mahal, Phool Mahal, Sheesh Mahal, er elegant dekorert med malararbeid som på nokre tak og veggar framleis er intakt. Utanfor festninga skal vi besøke Jaswant Thada, eit kongelig krematorium i marmor, bygd i 1899 for maharaja Jaswant Singh. Vi skal også besøke Umaid Bhawan palasset som inneheld museum med ei samling kongelige fasilitetar, lokalt kunst og kunsthandverk og miniatyrmaling. Lunsj og middag på hotellet.
Dag 10 – tirsdag 1. mars (frukost – lunsj - middag) Jodhpur – Ranapur – Udaipur Reisa gjennom Rajasthan held fram etter ein god frukost på hotellet. Ferda går mot Udaipur langs ei rute der vi besøker dei kjente jain-templa i Ranakpur. I ein stille, pittoresk og trang dal som går mot den vestre skråninga til Aravalli åsane, ligg dei bemerkelsesverdige Jain templa frå det 15. århundre.
Sjølv om dei er over 500 år gamle er templa svært godt bevart og er nærast i perfekt stand. I sentrum er hovedtempelet - Chaumukha tempelet, tileigna Adinath. Det mest særeigne og spesielle her er dei 29 hallane støtta opp av 1444 pilarar der to ikkje er like. Alle mulige overflater er utsmykka og kvart hjørne og kvar engel er gravert med jain symbol.
Etter besøket skal vi ha lunsj i Ranakpur, før vi held fram mot Udaipur som har ca 350 000 innb. Udaipur vert også kalla ”soloppgangens by” eller ”Juvelen i Merwar” – Merwar var eit kongedømme leda av Sisodia dynastiet i 1200 år. Byen blei grunnlagt i 1599 og er truleg indias mest romantiske by. Dei eventyraktige palassa, innsjøane, templa, hagane og smale gatene ber i seg historia om ei heroisk fortid. Refleksjonane av bygningane i Pichola innsjøen er eit fantastisk syn.
Dag 11 – onsdag 2.mars (frukost, lunsj og middag) Udaipur Frukost på hotellet før bytur i Udaipur. Vi skal besøke by-palasset, eit majestetisk arkitektonisk underverk lokalisert på åsen tronande over Pichola innsjøen. Palasset er eit konglomerat av gardsplassar, paviljongar, terrasser, korridorar, rom og hengande hagar. Kvart palass i seg sjølv er eit sjølvstendig kunststykke.
Vi skal også besøke Bharatiya Lok Kala museum som har ei interessant samling indisk folkekunst inkludert kostymer, ornament, dukker, masker og musikkinstrument. Etterpå besøker vi Sahelivon-ki-bari ”Jomfruens hage” – vakkert utforma med skjønne fontener. Hagen blei bygd på 1700-talet for dotter til fyrsten slik at ho og venninnene kunne leike i det sprutande vatnet og ta utandørs bad i varmen.
Lunsj på hotellet og tid til avslapping før vi i kveldinga skal nyte ein båttur på Pichola innsjøen der det majestetiske Lake Palace hotell er lokalisert - ein av innspelingsstadane til James Bond filmen ”Octopussy”. Her får vi god utsikt mot dei interessante trappene for badande hinduar og til dei vakre bygningane og parkanlegga ved breidda. Utsikta til bypalasset er spektakulær! Middag på hotellet etter båtturen.
Dag 12 – torsdag 3. mars (frukost, lunsj og middag) : Udaipur – Delhi Frukost og formiddagen til eigen disposisjon i Udaipur før vi har lunsj og transport til flyplassen for fly til Delhi kl. 15.30 (9W 708 15.30 – 16.40). Vel framme i Indias hovedstad Delhi sjekkar vi inn på hotellet og har tid på eigenhand, før felles middag på hotellet. Den facinerande byen med 13 mill innbyggarar, er lokalisert ved breddene til elva Yamuna. Byen er utbygd / oppdelt i 7 deler, basert på utbygging i ulike tideperioder gjennom mange hundre år. Den siste tilveksten var Delhi 7 eller New Delhi, ein moderne by som blei planlagt, teikna og bygd av britane etter at det i 1911 blei bestemte å flytte hovudstaden i India frå Kolkata til Delhi.
Dag 13 – fredag 4. mars (frukost, lunsj og middag) Delhi Etter frukost skal vi oppleve Delhi. På turen gjennom byen skal vi sjå ”Den raude festning” (Lal Qila), Shah Jahan`s elegante åttekanta festning bygd mellom 1640 og 1648. Ikkje langt frå festninga finn vi Jama Masjid (Fredags-moskeen), Indias største moske som også er bygd av Shah Jahan mellom 1644 og 1658. Minaretane er 40 m høge og moskeen har plass til 25 000 mennesker.
Herifrå skal vi ta ein interessant sykkeldrosje-tur gjennom dei kjende basarane i Chandni Chowk, Old Delhi. Old Delhi er ein firehundre år gamal myldrande basar med trange smug. Seinare besøker vi Raj Ghat, minnesmerket for Mahatma Gandhi som ligg i eit vakkert parkområde.
Lunsj på ein lokal restaurant før vi skal besøke grava til Humayun, det praktfulle byggverket i raud sandstein og kvit marmor som er ein forløpar til Taj Mahal. Proposjonane, den doble kuppelen og den forfina elegansen er karakteristisk for mughal arkitekturen. Vi passerer India-porten (minnesmerket frå første verdskrig), held fram på den monumentale paradegata Rajpath, mot Presidentpalasset (Rashtrapathi Bhawan). Presidentpalasset ligg på Raisina-høgda og er flankert av to andre pompøse bygningar, finans- og utanriksministeriet.
Seinare besøker vi Seierstårnet (Qutb Minar), som den første afghanske herskaren over Nord-India starta å bygge i 1193 etter sigeren over Delhi. Her skal vi også sjå den første moskeen i India, bygd av material frå raserte hindutempel. I det ytre moske-området, står den mykje eldre Jernpillaren frå 4. århundre som har sanskrit-inskripsjon i Gupta stil. Middag på hotellet om kvelden.
Dag 14 – laurdag 5.mars (måltid på flyet) Delhi – London - Oslo Tidleg vekking og etter ein god frukost har vi transport til flyplassen for avreise med Finnair frå Delhi kl. 10.15 (AY 022 10.15 – 14.15) og vidare frå Helsinki til Oslo kl. 16.45 (AY 657 16.45 – 17.15). Vi landar på Gardermoen kl.17.15 fylt opp med mange inntrykk og gode minner for livet.
Pris på turen kr. 24 600, - i del av dobbeltrom som inkluderer:
- Fly t/ r Gardermoen – Delhi med Finnair på økonomiklasse
- Fly Udaipur – Delhi
- Tog Jaipur – Jaisalmer i air conditionert 2.klasse sovekupe
- All transport i aircondition delux- buss
- Hotell med høg standard i 10 netter + 1 natt i telt med god standard
- All inngang til utflukter tatt med i programmet
- Alle måltid tatt med i programmet (full kost)
- Rickshaw-tur i Old Delhi
- Elefant-transport til Amber-festning
- Kamelsafari på sanddynene i Sam
- Middag med kulturprogram (indisk folkedans) i Sam
- Båttur på Pichola innsjøen i Udaipur
- Visum til India (blir ordna i Norge – må fylle ut søknadsskjema inkl to passfoto)
- Bagasjehandtering og felles tips
- Engelsk-talande guide
- Reiseleiar frå Møre Folkehøgskule
Ikkje inkludert:
- Flyskattar Oslo – Delhi t/r (pr. i dag ca. kr. 2000)
- Enkeltromstillegg kr.6 500,-
Alle må ha pass som er gyldig i minimum 3 månader etter heimreise. For reise til India er det krav om visum utstedt i Norge. Vi ordnar med visum etter at den reisande sjølv fyller ut søknadsskjema. Det er relativt tidkrevjande å ordne visum til India, derfor er siste frist for påmelding 1. januar. Fortløpande påmelding inntil 24 deltakarar.
Vi tek atterhald om endringar i programmet. Programmet skal likevel ha nemnte standard på hotell, utflukter og måltid som er tatt med i programmet.
Du finn ein liten bildeserie frå India under Fotoalbum India.
Namaste! - Vi ønskjer vel møtt til fantastiske opplevingar i India!
Ta kontakt for meir informasjon eller gå direkte til bestilling av reise >>> |