Klikk her for å gå tilbake til forsida
 Du er her: Reisemål / Sør-Afrika: februar 2011

Nyhetsbrev
Motta vårt nyhetsbrev.
E-postadresse::
Namn::
Firma::
Meld på
Meld av

MF Kulturreiser
Telefon:70041999
Mobil:97122111
Adresse:Kyrkjegata 48
6150 Ørsta
E-post: kurs@more.fhs.no

KULTURREISER: SØR-AFRIKA

Tid: 28. januar til 15. februar 2011

Pris: NOK 28.800,- + avgifter

 Last ned turprogram i Pdf-format (170 Kb) eller skriv ut denne sida.

Sør Afrika er eit av dei store turistland som byr på "alt" – god mat og drikke, flott natur, rikt dyreliv, flotte strender, spennande historie, rik kultur, dans og musikk. Landet vert også kalla Guds eige regnbogeland. Fleirtalet av menneska i dette enorme landet på sørspissen av Afrika er svarte, men her er også kvite, farga, indarar, kinesarar - ein regnboge av folk.

Landet har store naturrikdommar i form av gull, diamantar, platina og kol. I tillegg er der eit rikt landbruk med avkastningar som mais, korn, frukt, tobakk, sukker og bomull. Sør Afrikansk vinproduksjon er i sjiktet mellom dei leiande produsentar i verda.

Inntektene er likevel svært skeivt fordelt. Inntekt og levestandard for dei rike kvite når opp i toppklasse i verda, mens dei fattige svarte, er mellom dei fattigaste i verda. 42 millionar menneske med 11 ulike språk lever i regnbogenasjonen og eit mangfald av religionar, kultur, kunst, dans og musikk vert praktisert.

I dag opplever kunstnarar, filmprodusentar og forfattarar ei oppblomstring med tale og trykkefridom etter lang tid med apartheid. Samtidig er dei motsetningane som kjem til overflata store, og landet står framfor svært store utfordringar – tomrommet etter Nelson Mandela sin forsoningspolitikk er ikkje fylt opp.
 
Du er velkommen til å få ein smakebit av regnbogenasjonen. Ein smakebit som vil gi lang og god ettersmak – Velkommen til Sør Afrika!

Program frå dag til dag:

Dag 1 - 28. januar Oslo – London, London – Cape Town (måltid på flya)
Avreise frå Oslo til London med British Airways (BA 767) kl. 17.10 - 18.40. Etter tre timar på flyplassen, reiser vi vidare - direkte til Cape Town (BA 043) kl. 21.50, der vi landar neste dag kl. 11.25.

Dag 2 – 29. januar  Cape Town (lunsj)
Etter vakker innflyging, landar vi i den 4 mill. store byen Cape Town, kl. 11.25. Vi vert møtt av vår norsktalande guide Klaas, som etter formalitetar på flyplassen, tek oss med direkte til lunsj og vårt første møte med alle dei fantastiske måltida vi skal nyte på turen.

Etter lunsj går turen til det 1000 meter høge Table Mountain (ver atterhald) som er landemerket for byen. Her får vi utsyn over den mektige og vakre byen. Etter dette første møtet med Cape Town, reiser vi til hotellet vårt Ambassador Hotel som er vakkert lokalisert i sjøkanten med sjøutsikt frå alle rom. Her skal vi bu i tre netter. Kvelden er til eigen disposisjon.

Dag 3 – 30. januar Kapp Det Gode Håp og Cape Town by (frukost og lunsj)
I dag går turen sørover på Kapp Halvøya - ikkje verdas sørlegaste, men verdas vakraste sørspiss som Kapp det gode håp vert kalla. Vi skal besøke utsiktspunktet, men på turen skal vi også sjå mengder av sel og pingvin som lever i store koloniar på halvøya.

Vi tek også turen til Cape Point som er meir imponerande og ligg høgre enn Kapp det gode håp. Her får vi eit flott utsyn til det meir kjente punktet, Kapp det gode håp. Vi skal ha lunsj med sjømat på den danskeigde restauranten Black Marlin på Millers Point. Black Marlin er kjent for førsteklasses mat. Transport tilbake til hotellet og kvelden til disposisjon på eiga hand.

Dag 4 - 31. januar  Cape Town (frukost og middag)
Etter frukost skal vi vitje øya der Nelson Mandela sat i 18 av dei 27 åra han var fengsla. Fengselet på Robben Island er i dag innreia som museum mot Apartheid og tidlegare fangar arbeider som gaidar. Robben betyr sel (Sel-øya), men i tillegg til sel, er det også store mengder pingvinar på den flate øya i Atlanterhavet 11 km frå Cape Town. Øya har ein liten by med skule, kyrkje, sportsanlegg og butikk, her bur dei tilsette på museet med sine familiar.

Etter returen frå Robben Island skal vi besøke og rusle i Waterfront som av mange vert sett på som eit ”must”. Waterfront er kombinert forretnings og forlystingssenter og er den tikkande pulsåra i Cape Town. Fellesmiddag på Emilys på Waterfront om kvelden.

Dag 5 – 1. februar  Cape Winelands (frukost og middag)
Om føremiddagen skal vi ta farvel med Cape Town by gjennom ein guida bytur. Etterpå held vi fram til Franschhoek, det historiske senter i hjertet av verdskjend kvalitetsvin frå Sør Afrika. Den vesle byen er vel verdt eit besøk før turen går vidare til vinkjellaren Boschendal Wine Estate der det vert guida omvisning og prøvesmaking.

Før vi sjekkar inn på Protea Hotel Stellenbosch, skal vi ha omvisning i den imponerande Boschendal herregard. I kveldinga besøker vi Neethlingshof Wine Estate der vi vert ønska velkommen med ein aperitif, før vi får servert førsteklasses 3-rettars middag med tilhøyrande drikke.

Dag 6 – 2. februar  Franschhoek - Mossel Bay - Wilderness (frukost og lunsj)
Tidleg avreise på turen vidare langs Garden Route. Kofferten må ut av rommet før frukost og det vert avreise rett etter god morgenmat. Gjennom vakkert landskap reiser vi austover via Swellendam og Tradouw Pass til Little Karoo.

Vi stoppar for lunsj i Barrydale og nølar ikkje med nok ein stopp i Boplass for portvin- og ostesmaking. Kvelden er til eigen disposisjon etter at vi har sjekka inn på Queens Hotel

Dag 7 – 3. februar  Oudtshorn (frukost og lunsj)
I dag vert det utflukt til det enorme grotteområdet med dryppstein der vi skal besøke Cango grottene. Området ligg 26 km nord for Oudtshorn. Dryppsteinsholene blei offisielt oppdaga i 1780 av jordbrukaren Soon van Zyl. Seinare har ein funne buskmansmaleri her som viser at her budde menneske for mellom 5 000 og 10 000 år sidan.

Det vert stadig oppdaga nye labyrintar og holer, men dei fleste er ikkje opne for publikum. Området som er tilgjengeleg, strekk seg ca. 800 meter inn i fjellet og har fleire imponerande dryppsteinsfomasjonar og store hallar der det vert halde konsertar.
Etter grotteturen reiser vi til strutsefarmen Safari Ostrich Farm. Her får vi ein guida tur og for dei modige, er det muleg å ri på struts.

Det vert selt produkt av strutseskinn som ligg i same prisklasse som krokodille skinn – svært dyrt! På farmen vert det servert grillmat til lunsj før turen går til Wilderness der vi sjekkar inn på Protea Hotel Wilderness  
 
Dag 8 – 4. februar  Knsna (”Naisna”) – Tsitsikamma (frukost og lunsj)
Etter frukost går turen vidare langs den vakre kysten. Sightseeing i den idylliske byen Knysna. Byen ligg vakkert til mellom fjell, skog og hav ved ei stor lagune. Den er verna av to store sandsteinsklipper – The Heads. Vi køyrer langs kysten til Plettenberg Bay, ein av dei populære feriestadane langs kysten der innbyggartalet vert mangedobla i sesongen.

Vi tek ein spasertur i Robberg Peninsula – eit av dei mange verna tur- og naturområda i landet. Her møter vår sør-afrikanske operatør oss og byr på aperitiff før vi reiser til lunsj på Tsitsikamma Coastal Park. Etter lunsj går turen til Protea Tsitsikamma lodge der ettermiddagen og kvelden kan nytast i vakre omgivnader.

Dag 9 – 5. februar  Port Elisabeth - Durban (frukost og middag)
Etter frukost går turen til Port Elizabeth. Port Elizabeth eller PE, er Sør Afrikas 5. største by og ein viktig havneby. Flyplassen ligg i utkanten av byen som er sentrum for landets bil produksjon. Vi skal ha guida tur i den 1,2 mill store byen før vi sjekkar inn for å ta fly kl. 14.10 til Durban. Flyturen tek vel ein time (Port Elizabeth - Durban 14.10 - 15.25)

Frå flyplassen i Durban reiser vi direkte til hotellet vårt Protea Edward som ligg i sentrum av Sør Afrikas 3. største by med 2,5 mill. innbyggarar. Durban kan beskrivast med tre ord – ferie, indarar og havn. Det milde subtropiske klima gjer at ein kan bade året rundt og byen er ein ynda feriestad, i alle fall for kvite. Om kvelden vert det felles middag i dei vakre lokalitetane på hotellet.

Dag 10 – 6. februar  Durban (frukost og middag)
Etter ein god frukost vert det guida bytur i Durban før dagen kan nyttast på eigenhand ved stranda, til avslapping eller handling. Hotellet er lokalisert ved den kvite sandstranda som er eit av varemerka til byen. Om kvelden vert det indisk mat på Jewel of India.

Dag 11 – 7. februar  Durban – Ghost Mountain Inn (frukost, lunsj og middag)
Etter ein vidunderleg frukost tek vi farvel med Durban, og køyrer nordover på rute N2 til Lake St Lucia. Vi tek eit avbrekk i køyreturen og stoppar ved innsjøen St Lucia. Her skal vi ha ein liten båttur og vi får servert ”fingerlunsj”.

Etter lunsj held vi fram reisa gjennom fantastisk frodige dalar, åsar og fjell – eit totalt anna landskap enn det sørlige Sør-Afrika. Vi stoppar for dagen på Ghost Mountain Inn der vi skal nyte den vakre hagen, dagens middag og overnatte.

Dag 12 – 8. februar  Mkuze Game reserve – Swaziland  (frukost og lunsj)
Tidleg frukost før den afrikanske naturen skal opplevast på nært hold. Morgenen skal nyttast til eit møte med dyr og natur gjennom safari tur i opne bilar i Mkuze Game Reserve. Etter ein flott start på dagen, held vi fram i det vakre landskapet mot Swaziland.

For å komme inn i det vesle kongedømmet, er det papir-formaliteter pass, stempel og grenseovergang til fots. Undervegs til Swaziland har vi lunsjpause og vel framme i den vesle landet, sjekkar vi inn på Lugogo Sun for to netter. Kvelden er til eigen disposisjon.

Dag 13 – 9. februar   Swaziland (frukost og lunsj)
Etter frukost skal vi oppleve kultur og lære meir om dei levande tradisjonar i Swaziland. Vi skal besøke kulturparken Swazi Cultural Experience og her får vi også sjå ei feiande førestilling med sang og tradisjonell dans. Kongedømmet Swaziland er halvparten så stort som Danmark og har eit innbyggartal på 1 million. Det ligg mellom Sør Afrika og Mosambik og blei uavhengig i 1968. Under besøket får vi servert bufe-lunsj i reservoaret. Etter denne opplevinga reiser vi tilbake til hotellet og ettermiddag / kveld er til eigen disposisjon.

Dag 14 – 10. februar  Kruger nasjonal park (frukost og middag)
Etter utsjekk og frukost, går turen vidare nordover via Piggs Peak. Ved grensa til den velkjende nasjonalparken Kruger National Park, tek vi oss inn i parken gjenneom Malelane-porten som er ein av dei åtte portane inn til parken. Hovudattraksjonen dei neste to dagane vert ”dyretitting”. Krugerparken er eit enormt konserveringsområde som for 100 år sidan vart oppretta for å beskytte dyr og natur. Menneska er gjestar her, og dyra har alle rettar.

Under turen vert det tid for lunsjpause inne i parken.. Etter ein flott dag, sjekkar vi inn på Protea Kruger Gate for to netter. Her skal vi skal nyte vår felles middag under den stjerneklare himmel.

Dag 15 – 11. februar  Kruger nasjonal park (frukost, lunsj og middag)
Heile dagen er sett av til opplevingar i Nasjonalparken. Vi tek med lunsjboks og reiser rundt i parken i open bil. Fartsgrensene er 50 km i t på asfalterte vegar, 40 km i t på grusvegar, og 20 km i t i alle leirar.

Det er strenge reglar for å ferdast i nasjonalparken og ein av dei er sjølvsagt at ein ikkje skal forlate bilen. Dette både av omsyn til dyrelivet, men også den klare kjennsgjerning at her er rovdyr tett innpå oss. Det samla areal er på godt og vel 21 000 km², og det kjem 700 000 gjestar i året. Felles middag om kvelden.

Dag 16 - 12. februar  Blyde River Canyon – Pilgrims Rest (frukost og middag)
Vi tek farvel med eit av dei store høgdepunkta på turen og held fram reisa til ei av dei største naturmessige opplevingane i Sør Afrika - Blyde River Canyon. Blyde River Canyon er ei 60 km lang kløft som skjær seg gjennom platået før den brer seg ut og går over i lavland. Undervegs er det fantastisk utsikt til begge sider av kløfta og til elva som ligg 600 meter under. Under turen som går via Hazyview/Graskop, vert det lagt inn ein pause med høve til å kjøpe lunsj.

Vi held fram til museumsbyen Pilgrims Rest der dei første gullfunn vart gjort lenge før dei store gullfunna vart gjort i Johannesburg. Området der dei første gullfunna vart gjort, ligg som det gjorde den gang – maskinene, telta, den vesle elva og avmerkingane. Den gamle byen er svært godt renovert med Royal Hotel frå 1894 som sentrum.

På ettermiddagen går turen tilbake til Graskop der vi sjekkar inn på Graskop Hotel  og har felles middag om kvelden.

Dag 17 – 13. februar   Pretoria (frukost, lunsj og middag)
Etter frukost går ferda mot Pretoria på ruta via Dullstroom og Middelburg. Undervegs vert det stopp for felles lunsj på Corn and Cobb der vi også besøker  landsbyen der arbeidarane som er arbeidskraft i området, bur - Ndebele Village.  Ved bredda av Klein Olifants elva, 12 km frå Middelburg, skal vi besøke den fargerike Botshabelo Ndebele Village. Landsbyen framstår som eit levande museum der dei gjestfrie innbyggarane deler tradisjonell kultur og erfaring med oss.

Etter det fargerike stoppet, går ferda til Pretoria som er ein vakker by med breie gater, vakre parkar og over 80 000 jakaranda tre – byen vert også kalla Jakaranda byen
I oktober under blomstringstida er heile byen farga i lyseraudt og lilla. Dei fleste utanlandske ambassadar er lokalisert her. I kveldinga sjekkar vi inn på Court Classique og skal ha felles middag på ein restaurant.

Dag 18 – 14. februar    Johannesburg - Soweto (frukost, lunsj og middag)
Etter frukost og klargjering av bagasjen, sjekkar vi ut frå hotellet. Vår siste dag I Sør-Afrika er spekka med opplevingar. Etter ein kort guida tur gjennom Johannesburg, held vi fram til det legendariske Soweto – South Western Township. I utgangspunktet var SOWETO nemninga på den sørvestlege bydel, eller reservatet, der den svarte arbeidskrafta vart oppbevart.

Bydelen eller Soweto, har tre – fire millionar menneske og er større enn sjølve Johannesburg. Arbeidsløysa er på 50% og kriminaliteten høg. Likevel er Soweto ein by som sydar av gjestfridom, aktivitet og livsglede.

Vi skal gjere eit stopp på eit lokalt ”suppe kjøkken” der arbeidsledige har ansvar for å servere basismat - hovedsakleg suppe og brød, til dei fattigaste skulebarna. På denne måten er dei sikra i det minste eit måltid for dag. Vi skal også besøke Happy Day Care Center – eit lokalt senter for barn frå 2 mnd til 6 år vert tatt hand om, får dagleg tilsyn, og stimulans. Senteret vert drive med midlar frå donasjonar i samarbeid med lokale syresmakter.

Vi skal sjøl ha både dagens lunsj - enkel ”fingerlunsj”, og middag i Soweto- i restaurantar som blir drivne av i utgangspunktet, arbeidsledige. Gle deg til gode måltid og store opplevingar!

Dagens middag vert på “Chez Alina” - her vi får god heimelaga mat og sang / dans frå barn frå Soweto. I kveldinga reiser vi til Johannesburg flyplass for innsjekking til heimreise. Avreise frå Johannesburg direkte til London kl. 20.15 (BA 056 20.15 – 05.15).

Dag 19 – 15. februar  London – Oslo (mat på flyet)
Vi landar i London kl. 05.15 om morgonen. Etter ei ventetid på to timar, lettar flyet til Oslo kl. 07.20 (BA 762 London - Oslo 07.20 - 10.30) Vi landar på Gardermoen kl. 10.30 fylt opp av gode opplevingar og mange nye sider i livets minnealbum.

Pris for turen er NOK 28.800,- i del av dobbeltrom. Depositum kr. 2.000,-

Dette er inkludert i prisen:

  • Flyreise Oslo – Cape Town / Johannesburg - Oslo i økonomiklasse
  • Flyreise Port Elizabeth – Durban
  • All transport i 36-seters delux buss
  • Gode hotell med kategori spesifisert i programmet eller tilsvarande
  • All transport og alle inngangsbillettar nemnt i programmet
  • Måltid tatt med i programmet (meir enn halv pensjon)
  • Norsktalande guide
  • Bagasjehandtering
  • Lokale skattar og avgifter i Sør Afrika
  • Reiseleiar frå Møre Folkehøgskule

Tillegg:

  • Flyskatt og avgifter ca. NOK 2.900,-
  • Enkeltromstillegg NOK 5.500,-
  • Tips

Vi tek atterhald om program- og prisendringar.

Det er med glede og forventning vi ønskjer velkommen til ei fantastisk reise i eit fantastisk land!

Ta kontakt for meir informasjon eller gå direkte til bestilling av reise >>>


Klikk her for utskriftsvennleg versjonKlikk her for utskriftsvennleg versjon


Les meir om våre turar til Kina

Les meir om tur til Tyrkia og Kappadokia

Les meir om våre turar til Egypt


Les meir om tur til India og Nepal

Klikk her for å lese meir om våre turar til Sør-Afrika

Klikk her for å lese meir om våre turar til Kina