Klikk her for å gå tilbake til forsida
 Du er her: Turarkiv / Arkiv turar 2014 / Vietnam: mars 2014

Nyhetsbrev
Motta vårt nyhetsbrev.
E-postadresse::
Namn::
Firma::
Meld på
Meld av

MF Kulturreiser
Telefon:70041999
Adresse:Kyrkjegata 48
6150 Ørsta
E-post: kurs@more.fhs.no

KULTURREISER: Sykkeltur eventyrland - i Kambodsja og Vietnam

 

Tid: 15.03.2014 – 31.03.2014

Pris: NOK 22.800,- + skatter og avgifter (se nederst på siden)

 Last ned turprogram i Pdf-format (420 kB) eller skriv ut denne sida.

Blir du med på ei eksotisk reise til eit smilande land og folk? Blir du med på eit kulturbesøk av dei mest eksklusive? Blir du med på ei reise der du kjem tett innpå og der vi langsomt tek oss fram? Blir du med til Kambodsja / Vietnam?

Vi har valgt å reise langt, plukke fra øverste hylle og legge til rette for ein eksklusiv sykkeltur i to av verdens mest spennande land. Vi startar med kulturopplevingar i verdensklasse og avsluttar med rolige dagar ved stranda med tid til refleksjon og ladding av batteri, før kvardag i Norge igjen blir innhaldet i dagen.

I mellom dei to ytterpunkt skal vi oppleve natur, mennesker, dagligliv, storby, historie, glede, god mat og flott fellesskap. Vi lovar at kvardagen i Norge ikkje blir heilt den samme etter opplevingane.

Blir du med?

Dag 01: Avreise fra Oslo
Dag 02: Ankomst til Siem Reap
Dag 03: Sykling i Angkor Wat tempelkompleks (dagsetappe ca 50 km)
Dag 04: Sykling i Angkor Wat tempelkompleks (dagsetappe ca 60 km)
Dag 05: Transport til Phnom Penh (dagsetappe ca 35 km)
Dag 06: Phnom Penh – sykling til Killing Fields og i byen (dagsetappe ca 50 km)
Dag 07: Phnom Penh til Kampot (dagsetappe ca 40 km)
Dag 08: Kampot til Kep town (dagsetappe ca 50 km)
Dag 09: Kep town via Ha Tien (Vietnam) til Rach Gia (dagsetappe ca 50 km)
Dag 10: Rach Gia til Can Tho (dagsetappe ca 50 km)
Dag 11: Can Tho til Saigon (dagsetappe ca 65 km)
Dag 12: Ho Chi Minh city – Cu Chi tunnelane (dagsetappe ca 50 km)
Dag 13: Saigon til Ho Cham Beach (transport)
Dag 14: Ho Cham Beach
Dag 15: Ho Cham Beach
Dag 16: Ho Cham Beach til Saigon og avreise tilbake til Norge via Istanbul
Dag 17: Istanbul - Oslo

Program dag for dag:

Dag 1 – 15. mars Avreise fra Oslo
Avreise fra Gardermoen med Turkish Airlines kl. 12.25 (TK 1752 12.25 – 17.10). Etter mellomlanding i Istanbul, er vi klar for neste etappe, Istanbul - Bankok med avreise kl. 19.50 (TK 064 19.50 – 09.45). Mat og drikke på flya.

Dag 2 – 16.mars Bankok - Siem Reap (Middag)
Vi landar i Bankok kl. 09.45 (lokal tid) og reiser vidare til Siem Reap kl. 11.35 (PG 905 11.35 – 12.35). Etter ein times flytur blir vi ønska velkommen til ”Underets Kongedømme” av vår lokale guide og sjåfør som tek i mot oss på flyplassen i Siem Reap. Etter formaliteter og bagasjeutlvering reiser vi til hotellet for innsjekking. Vi får tid til avslapping, eit bad i bassenget og den første følelsen av Kambodsja, før vi møtes til informasjon og orientering om den kommande tur og til felles middag.

Dag 3 – 17. mars Sykling i Angkor Wat komplekset (Frokost – Lunsj – Middag)
Dagens tur på sykkel i Angkor Wat-komplekset, gir oss ein første smak av fantastiske opplevingar. I dag skal vi bruke heile dagen på å oppleve Angkor Wat og omliggande tempel gjennom det som vert kalla ”den korte rundtur”.

Vi startar dagens tur ved Sør-porten til Angkor Thom-templet og kan beundre det vidstrakte tempel- kompleks med høge tårn, forseggjort gravert murarbeid, søylegangar og gårdsplassar som pregar den klassiske Khmer arkitektur. Her vil vi oppleve sentrum av fortidsbyen Bayon som hadde 54 tårn og er dekorert med meir enn 200 gåtefulle, smilande ansikt. Formiddagsturen vil også inkludere besøk i det kongelige området, Phimeanakas, the Terrace of Elephants og Terrace of Leper Kings, i tillegg til Ta Prohm Temple som var forlatt og skjult i jungelen fram til det blei oppdaga av franske oppdagerar i 1850-åra.

Om ettermiddagen fortsett vi å ta for oss av Angkor Wat, eit av verdens største under som ikkje berre er eit tempel, men eit område på fleire kvadratkilometer nær Siem Reap. Området gir oss innsikt og kunnskap om tidleg busetnad og ein høgt utvikla sivilisasjon, i tillegg til dei mange tempel.

Angkor var ein tidleg kambodsjiansk sivilisasjon som blomstra og hadde si storheitstid i perioden mellom 800 og 1400 e. Kr. Majoriteten av templa blei bygd mellom det 6. og 13. århundre. Mange av templa er i svært god stand, men eit stort tal er også i svært dårleg forfatning og treng omfattande renovering. Jungelen er i ferd med å overta grunnen og tre har vokst inn i og ødelagt dette mesterverket av fortidskunst. Etter besøket syklar vi tilbake til hotellet og får tid til avslapping og eit bad i bassenget. Middag på ein lokal restaurant om kvelden.

Dag 4 – 18. mars Sykling i Angkor Wat komplekset (Frokost – Lunsj – Middag)
Etter frokost er vi klar for nye eventyr i Angkor Wat. Vi syklar til BanteaySrey tempel som av mange vert sett på som juvelen i Khmer-krona. Templet ligg ca 35 km frå Siem Reap og dagens lunsj vil bli servert på ein lokal restaurant etter besøket vårt i BanteaySrei.

Etter lunsj er planen å besøke ei gruppe tempel som ligg like utanfor Siem Reap. Rolous templa blei bygd seint i det 9.århundre og vert sett på som inngang til den klassiske perioden for Khmer arkitekturen. På veg tilbake mot Siem Reap stoppar vi ved Pre Rup, statstempelet til Rajendravarman II, vidare stoppar vi ved Mebon, eit arkitektonisk og artistisk tempel-fjell som mellom anna har nokre vakre graverte dører. Her får vi også nydelig utsyn over området.

Vi stoppar også ved NeakPean, tempelet som har statue av hesten Balaha som skal berge drukna sjømenn. Vårt siste besøk blir Preah Khan, tempelet som er dedikert til kongen Jayavarman VII sin far, før vi seint på ettermiddagen syklar tilbake til Siem Reap. Dagens middag blir servert på ein lokal restaurant der vi også får servert eit tradisjonelt Apsara danseshow.

Dag 5 – 19. mars Siem Reap til Phnom Penh (Frokost – Lunsj – Middag)
Etter frokost på hotellet startar dagen med transport mot hovedstaden Phnom Penh. Ved Sambor Prei Kuk-porten i Kampong Thom provinsen, 120 km fra byen, skal vi ha dagens sykkeletappe. Her finn vi ei samling av tempelruinar fra 7.århundre (600 år før Angkor Wat). Dette Hindu-tempelkomplekset blei etablert tidlig i det 6.århundre e.Kr i byen Isanapura, hovedstaden i Raja Isanavaram. Området var ein del av Chenla-kongedømmet, og det omfatta eit område på nesten 1000 hektar. I området var det over 150 tempel og tårn og byen var omslutta av ein dobbel bymur. I kinesiske krøniker blir dette ”før-Angkor Wat kongedømmet” kalla Zhendla (Chenla).

Etter ca to timars besøk i området, held vi fram transporten til Phnom Penh der vi sjekkar inn på hotellet og får ein rolig ettermiddag for avslapping, spa eller litt shopping. Om kvelden har vi felles middag på ein restaurant ved elvebredda.

Dag 6 – 20. mars Phnom Penh (Frokost – Lunsj – Middag)
Etter frokost på hotellet skal vi oppleve Phnom Penh. Vi skal sjå det vakre kongelige palass og Sølvpagoden som vender mot Mekong elva. Sølvpagoden blei bygd i 1962 og er kjent for overdådige dekorasjonar og mange Buddha-statuer laga av verdifulle edelsteinar og metall. Etter lunsjpause syklar vi ut av byen til ”Dødsmarkene” der over 10 000 mennesker blei drept av Khmer-regimet som hadde makta på slutten av 1970-talet. I dag er dette ein fredelig plett på landsbygda, men historien kan fortelle om ei grusom periode.

Om vi har tid og lyst, kan vi sykle innom The Toul Tom Pong Marked (russisk marked) der det er mulig å kjøpe alt fra tekstilar / kle til antikviteter og gamle indokinesiske myntar. Etter sterke opplevingar får vi litt tid på hotellet, før vi avsluttar dagen med felles middag på ein lokal restaurant.

Dag 7 – 21. mars Phnom Penh til Kampot (Frokost – Lunsj – Middag)
Etter frokost på hotellet har vi busstransport til Kampot. Mange meiner Kampot er det mest pittoreske området i Kambodsja og dagens sykkeletappe gjennom vakkert landskap. Området er udiskutabelt sjarmerande og favorittbyen til dei fleste i Kambodsja når dei ønsker å oppleve det provinsielle Kambodsja. Byen har ei avslappa, vennlig atmosfære med ei mengde arkitektoniske minner etter fransk og kinesisk aura – og om ikkje dette var nok, så har byen ein vakker elvefront med ei samling små kafear. Etter lunsj syklar vi til Bokor Nasjonalpark (ca 8 km fra Kampot).

Vi syklar til foten av fjellet der transport-hjelp til toppen ventar. Fra toppen får vi eit eventyrleg utsyn, om vi er heldig med veret kan vi sjå til Gulf of Thailand, og på klare dagar heilt til Phu Quoc øyane. Uansett, utsikt med klart ver eller tåke, på toppen er det fleire bygningar, det mest kjente er eit kasino som er overlatt til seg sjøl, her er også ei gammal katolsk kirke og fleire bygningar fra krigen. Etter topp-turen returnerer vi til foten av fjellet og syklar tilbake til Kampot. Vi sjekkar inn på hotell i Kampot og har middag på ein lokal restaurant.

Dag 8 – 22.mars Kampot til Kep town (Frokost – Lunsj – Middag)
Etter frokost syklar vi rundt i den sjarmerande byen eit par timar, før vi syklar til Kep, grensebyen mellom Kambodsja og Vietnam. Kep er ein liten by ved stranda omkransa av fjelltoppar som slakkar av mot sjø og strender. Vi sjekkar inn på hotell i Kep for vår siste natt i Kambodsja. Vi får tid til avslapping før middagen blir fersk sjømat på ein lokal restaurant.

Dag 9 – 23. mars Kep til Ha Tien og vidare til Rach Gia. Fra Kambodsja til Vietnam (Frokost – Lunsj – Middag)
Frokost på hotellet før vi delvis syklar og delvis har transport til Ha Tien der vi kryssar grensa til Vietnam.  Vi tek farvel med våre følgesveinar i Kambodsja, og blir ønska velkommen av vår vietnamesiske guide og sjåfør ved grensa til Vietnam. Etter formaliteter og tilpassing av nye syklar, held vi fram syklinga til Ha Tien, ein liten by ved sjøen i Kien Giang provinsen i Sør-Vietnam. Etter ein kort etappe med transport ut av Ha Tien by, syklar vi langs kysten til Hon Dat. På ettermiddagen skal vi ha transport den siste strekning til Rach Gia der vi skal overnatte. Felles middag om kvelden.

Dag 10 – 24. mars Rach Gia til Can Tho (Frokost – Lunsj – Middag)
Etter frokost har vi transport ut av byen, før vi syklar i retning av Vi Thanh-byen. Dagens sykkeltur blir på romantiske landsbyvegar, i eit nettverk av menneskegravde kanalar og rismarker og med stor menneskleg aktivitet overalt. Vi risikerer at deler av vegnettet kan vere gjørmete, men opplevingane overskyggar dette. Vi har lunsj undervegs og held fram mot Can Tho på ettermiddagen. Overnatting og middag i Can Tho.

Dag 11 – 25. mars Can Tho til Saigon (Frokost – Lunsj – Middag)
Can Tho ligg i sentrum av dei 12 provinsane som dannar Mekong-deltaet og er ikkje berre kjent for sin risproduksjon, men også for flytande marked. Vi skal ha ein grytidleg start på dagen og reiser med båt for å oppleve marknaden. Etterpå reiser vi tilbake til hotellet for frokost før vi har transport i ca 1 time til Vinh Long der vi kryssar Co Chien elva. Etter kryssing av elva skal vi igjen stige på sykkel og syklar ca 17 km til Cai Be der vi skal nyte ein god lunsj i særeigne omgivnader. Etter lunsj har vi ca 17 km på småvegar til Cay Lay i Tien Giang provinsen. Herifra har vi transport til Saigon. Overnatting i Ho Chi Minh byen.

Dag 12 – 26. mars Saigon og Cu Chi tunnelar (Frokost – Lunsj – Middag)
Etter frokost har vi transport ca 20 km til Hoc Mon byen. Her syklar vi gjennom eit område med gummiplantasjer og rismarker til dei historiske Cu Chi tunnelane. Cu Chi tunnelane var av avgjerande strategisk betydning da Viet Cong kjempa mot amerikanerane i den vietnamesiske – amerikanske krig på -60 og i begynnelsen av -70 talet. Vi får eit innblikk i korleis folk levde, og vi får også sjå inn i det underjordiske tunnelsystemet som viser kvifor dei var i stand til å kjempe mot verdens største militære supermakt. Lunsj på ein lokal restaurant før vi returnerer til Saigon.

På ettermiddagen får vi ein liten smak av Ho Chi Minh byen gjennom besøk i Reunification Palace som var tidlegare presisdent i Sør-Vietnam sin residens. Tett ved palasset finn vi nokre av dei beste eksempel på fransk kolonial arkitektur og vi stoppar opp ved Notre Dame katedralen, bygd mellom 1877 og 1883, og Det sentrale postkontor, ferdig i 1891. Ho Chi Minh byen er Vietnams mest moderne by og landet sin økonomiske hovedstad.  Om kvelden har vi felles middag på K.O.T.O ein restaurant som blir driven av tidlegare gatebarn og der intensjonen er å sende dei som blir opplært gjennom å arbeide her, til andre arbeidsstader – for så å lære opp nye. God mat i trivelige omgivelser.

Dag 13 – 27. mars Saigon til Ho Cham Beach (Frokost)
Etter frokost har vi transport til Ho Cham Beach, ei av dei beste strendene i Vung Tau provinsen. Her skal vi nyte eit par rolige dagar med sol, strand og sjø. Transporttid er ca 2,5 time fra Saigon. Vi sjekkar inn på hotellet og har ettermiddagen for å prøve sjø og strand og bli kjent på hotellet.

Dag 14 – 28. Mars Ho Cham Beach (Frokost)
Dagen til eigen disposisjon

Dag 15 – 29. mars Ho Cham Beach (Frokost - Avskjedsmiddag)
Dagen til eigen disposisjon

Dag 16 – 30. mars Ho Cham Beach til Saigon. Avreise til Norge (Frokost – mat på flyet)
Etter frokost, ein siste formiddag ved stranda og utsjekk fra hotellet, har vi transport til flyplassen i Saigon for heimreise kl. 20.25 (TK 069 20.25 – 05.35)

Dag 17 – 31. mars Istanbul – Oslo (Mat på flyet)
Vi landar i Istanbul kl. 05.35 (lokal tid) og reiser vidare til Oslo kl. 08.35 (TK 1751 08.35 – 11.25) Vi landar i Oslo kl. 11.25 med nye ark i livets album.

Pris pr person i del av dobbeltrom: NOK 22.800,- (+ flyskattar pr 12.11.2013 som utgjør ca NOK 3.000,-). Enkeltromstillegg: NOK 4.400,-

Prisen inkluderer:

  • Fly t/r Oslo – Siem Reap / Saigon – Oslo i økonomiklasse
  • Hotell med frokost på 4* hotell (eit 3*) (sjå vedlagte hotelliste)
  • Transport i Kambodsja og Vietnam
  • Følgebil og bagasjebil
  • Lokal engelskspråkleg guide i Kambodsja og i Vietnam
  • Lokal assistent /mekanikar under dagar med sykling
  • All inngang til severdigheiter
  • Båttur i Can Tho
  • Måltid tatt med i programmet
  • Lån av sykkel
  • Snaks, frukt, og vatn på dagar med sykling
  • To reservesyklar i tilfelle problem
  • Pålagte skattar og avgifter i dei to landa
  • Visum til Kambodsja og til Vietna
  • Reiseleiar fra MF Kulturreiser

Prisen inkluderer ikkje:

  • Sykkelhjelm (obligatorisk)
  • Evt flyskattar inn og ut av Vietnam og Kambodsja
  • Flyskatt internasjonalt fly

Tips under turen (hotelliste):

Vi ønskjer velkommen til flotte dagar i Kambodsja og Vietnam. God tur!

Ta kontakt for meir informasjon eller gå direkte til bestilling av reise >>>



Klikk her for utskriftsvennleg versjonKlikk her for utskriftsvennleg versjon


Klikk her for meir info om tur til Kina

Les meir om vår tur til Unike Kina 2016

Klikk for å lese meir om tur til Taiwan

Klikk her for meir info om tur til Japan

Klikk her for meir info om tur til Kambodsja og Vietnam

Klikk her får å lese meir om tidlegare turar i arkivet