|
MF Kulturreiser arrangerer reisekurs til ulike reisemål i heile verda. Reisekursa er sett saman av kurs om reisemålet i forkant av reisa, sjølve reisa og samling etter at reisa er gjennomført. MF Kulturreiser er ein del av drifta til Møre Folkehøgskule, men aktiviteten er retta mot lærelystne og reiseglade vaksne.
Til alle turane vert det arrangert kurskveldar på skulen før vi reiser og etter at vi kjem heim. Her lærer vi meir om reisemåla, om historie, språk, daglegliv mm. Vi legg og vekt på det å verte kjende med kvarandre, så vi har ei god matykt på samlingane. Kursopplegget er gratis, vi tek kun betaling for servering. Du er velkommen til å ta del på turane våre sjøl om du ikkje kan vere med på forkursa. |